Julekalender 8. desember

Framtida
Publisert
Oppdatert 09.12.2018 09:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

8. desember så skjuler nisseskjegget leiaren for Senterungdomen, Ada Johanna Arnstad.

Arnstad er halvt svensk og feirar difor julaftan i Sverige, der ho et svensk juleskinke til middag, og ringer jula inn med den svenske klassikaren frå 1975: Karl-Bertil Jonssons jul.

– Det er forteljinga om ein ung gut som ser veldig opp til Robin Hood og som er frå ein rik familie, som finn ut at på julaftan og i juletida skal han ta frå dei rike og gje til dei fattige.  Det er ei fantastisk varm og god forteljing, som gjev deg trua på menneskeslekta!, seier Arnstad.

God 8. desember!

Skjermdump frå filmen.