Julekalender 13. desember

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Under dagens nisselue, finn du ein kar med ekte skjegg.

Det er Magne Aasbrenn som har vore leiar i Noregs Mållag sidan 2016. I tillegg til sitt engasjement for nynorsken, har han òg vore engasjert i arbeidet for Austfold-dialekta.

Mållagsleiaren nyttar høve til å gjera litt narr av bokmålsbøyinga av verbet å dette, når han løftar fram sitt favorittnynorskord.

63-åringen er stadig ute med både ris og ros knytt til nynorsksaka og seinast førre veke gav han ei førjulsgåve til fotballklubben Sogndal, som fekk Nynorsk næringslivspris 2018.

Vi har ikkje svaret på om han nytta høvet til å verva heile fotballaget, men det burde ikkje forundra nokon om den ivrige vervaren nytta høvet til slikt. For kva ynskjer mållagsleiaren seg for 2019? Medlemsrekord, sjølvsagt!