Vekas musikktips: Ikkje finn fram juleplatene enno!

Kvar fjortande dag gir musikar Jon Olav Sandal oss sine beste låt-tips. Her får du vekas nykomar, vekas gæmlis og vekas slager.

Jon Olav Sandal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det nærmar seg jul og rundt om kring i det ganske land ser vi julegranene bli tente, julemarknadane bli opna og ein kan høyre julemusikk strøyme ut i frå høgtalarane. Det kan vere freistande å sette på juleplata med Sissel Kyrkjebø heime i stova også, men for Guds skuld ikkje gjer det!

Vent så lenge som mogleg, for då høyrest musikken ekstra fin ut og i tillegg vil maten smake ekstra godt. Eg lovar. Her er nokre lindrande svisker som kan dekke musikkbehovet fram mot den store og gode høgtida.

Det er kanskje for tidleg for julemusikk, men ikkje for julequiz!

Vekas nykomar

Erlend Ropstad – Natta Som Er Over Nå

Vekas nykomar er på ingen måte ein nykomar som artist. Men den nye låta er blant dei betre låtane i 2018. Eg var på min første konsert med Ropstad i 2016 og sidan har eg vore smått forelska i lyrikken han lagar. Som ein som også skriv songar må eg seie at eg er noko misunneleg på det han får til med dei orda han har disponibelt.

…sidan har eg vore smått forelska i lyrikken han lagar

Dei små skildringane av det kvardagslege er det eg likar best med Ropstad. Og det er jo slik at det er kvardagane det er flest av. Derfor er det veldig fint å høyre nokon skrive og romantisere over det. «Natta Som Er Over Nå» har også mange av dei kvardagslege skildringane. Blant anna kan han fortelle oss om den natta han låg einsam på eit hotellrom på La Rambla og såg på himmelen. Han skildrar det så godt at eg plutselig er i Barcelona sjølv.

Eg gler meg til albumet som kjem på nyåret og håper på fleire storbyturar saman med Ropstad.

Vekas gæmlis

Thomas Dybdahl & In The Country – O

Eg er heime i Barstadvik, mi heimbygd, og går oppover den bratte fjellsida i dalen. Tempoet er sakte. Det er litt kaldt og det er mykje fukt i lufta så det dampar når eg pustar ut. Endå er det eit stykke til tregrensa og dei høge grantrea rundt meg slepp berre inn litt av dagslyset. Eg har nettopp gått forbi elva og kan fortsatt høyre den bruse medan den dreg med seg småstein nedover i dalen.

Omtrent slik høyrest denne songen ut.

Ei av dei mest stemningsfulle skivene eg veit om

Thomas Dybdahl har lenge vore eit av mine store førebilete. Med EP’en Thomas Dybdahl & In The Country opna han også auga mine for kor mykje ein låtproduksjon har å seie. Altså kva instrument du bruker og korleis du brukar dei. Om du spelar med gitaren i eit høgt register, kva slags trommesett du brukar osv. Produksjonen på denne EP’en, som er eit samarbeid med Dybdahl og gruppa In The Country, bergtok meg og er fram til den dagen i dag ei av dei mest stemningsfulle skivene eg veit om.

Passar perfekt for denne kalde tida der snøen fortsatt ikkje har lagt seg heilt.

Les også reportasjen om elektroLOUD som freister å få kvinner i produsentstolen slik at dei kan ta makta attende over sin eigen musikk: – [Produsenten] vert den som har makt over kven som får sin musikk frå dei skissene ein lagar heime og ut i verda.

Vekas slager

Röyksopp – Eple

Det er så vidt eg kan ha med denne låta av Röyksopp som ein spådom for framtida, men sidan den er utgitt på denne sida av 2000-talet vil eg tillate meg sjølv å gjer det.

Den er tidlaus og den er gjennomført god frå topp til tå

Allereie på det første albumet skreiv den norske ekvivalenten til Daft Punk seg inn i historiebøkene med blant anna låta Eple. Det er berre ein av mange gode låtar frå dette albumet. Berre det at låta held seg så godt ganske nøyaktig 17 år etter utgivinga, er eit teikn på at den ikkje vil gå i gløymeboka med det første. Den er tidlaus og den er gjennomført god frå topp til tå. For meg balanserer den på ein knivsegg når det gjeld å vere for repetitiv med hovudtema, men den fell aldri over på feil side.

Ei perle i norsk musikkhistorie.