Så går vi rundt om ein einebærbusk

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 10.12.2018 09:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Leiken som finn stad når vi syng i lag, forløyser positiv energi og gir oss sunne og glade kroppar som tenner livsgleda og livslysta, seier Astri Sudmann.

Songleiksamling

Astri Sudmann er utdanna lærar og er mellom anna timelærar i dans. Ho har eit stort engasjement for den livsviktige leiken. Foto: Selja forlag

Ho er utdanna lærar og er mellom anna timelærar i dans på Ole Bull Akademiet. I fleire år har ho leita etter, og samla på, songleikar. På bibliotek og i antikvariat har ho saumfare bøker om emnet. Resultatet vart om lag to hundre ulike leikar. No har ho gjort eit utval og samla dei i ei eiga songleikbok.

«Syng og leik i lag. 65 songleikar for store og små» har med tekstar på bokmål, nokre på dialekt, og nokre på nynorsk. Mange av songleikane er kjende og kjære – iallfall for dei eldste generasjonane – andre er nye. Ei handfull av dei er typiske juleleikar, som passar både rundt juletreet, rundt i huset eller utandørs. Alle leikane i boka er utstyrt med notar, tekst og enkelt rettleiing.

Les også: Finn samhald i songen

Mindre leikne?

– Eg elskar å leike. Både små og store burde leike meir. Fysisk aktivitet til musikk er fantastisk. Felles for songleikar er at alle kan vere med. Vi kan leike unge og gamle, lette og tunge, inne og ute, sommar og vinter, få eller mange. Her er det ingen konkurranse eller krav til prestasjonar. Ein treng heller ikkje dyrt utstyr for å komme i gang. Og ekstra kjekt blir det når barn og vaksne leikar i lag, seier ein entusiastisk Astri Sudmann til Nynorsk pressekontor.

Det har undra henne i 30 år som mor til barn i skulen korleis ein der har leika, eller snarare ikkje har leika saman, i friminutta, på skuleavslutningar og i bursdagsfeiringar. Det meste har vore konkurranse-leikar der mange står på sidelinja og ser på. Og i dag er det blitt slik at mobiltelefonen får dominere altfor mykje i det «sosiale samværet».

Å gå rundt juletreet var meir vanleg før i tida. Arkivfoto: Sverre A. Børretzen / Aktuell / NTB scanpix / NPK

– I min oppvekst på 1960- og 70-talet leika vi mykje meir saman enn ungar gjer i dag. Eg hugsar godt mange songleikar frå barndommen. Då fjernsynet og videoen kom byrja det å skli ut. Barn og tenåringar i dag trur eg ikkje kan mange songleikar. Men songleikar passar ypparleg som både bursdagsleikar og selskapsleikar, meiner Sudmann.

Har du lyst til å danse, men usikker på kvar du skal starte? På «Folkepedia» kan du sjå over 70 opplæringsfilmar i songleikar og folkedans! 

Opphavet

Foto frå boka: Marita Saue Hamre

Songleik er ei sosial samværsform som kombinerer vokal og kroppsleg utfalding. Opphavet til desse leikane der ein syng og dansar er ikkje heilt kjent. Dei fleste songleikane er munnleg overleverte. Mange har dessutan hatt stor utbreiing, og dei kan vere mange hundre år gamle.

 

– Songleikane eg har funne har vore brukt på tvers i heile Skandinavia. I periodar då det var sett på som syndig å danse, fekk ein gjerne lov å drive med songleikar, sjølv om gutar og jenter heldt kvarandre i hendene eller dansa parvis, fortel Sudmann.

Les også om ein annan gamal tradisjon: Jonsokfeiringa og verdas lukkelegaste barneekteskap

Alle får vere med

– I songleiken gjeld ikkje prestasjon, men meistringsglede og gode opplevingar. Ingen er tilskodarar, alle er deltakarar. Gjennom felles opplevingar i leik byggjer vi relasjonar, på tvers av alder, kjønn og kultur. Songleiken er utan konkurranse og oppfordrar til uhøgtidleg samhandling. Songleiken er eit verktøy for å byggje trygge og gode fellesskap, meiner Astri Sudmann.

Astri Sudmann understrekar at boka hennar ikkje skal vere ei minnebok frå då mormor var lita.

– Arbeidet mitt er på ingen måte kulturkonservering. Eg har laga ei bruksbok og målet er at alle skal vere i aktivitet. Leik er livsviktig, seier leikelystne Astri Sudmann.

Songleikar kan ein drive med frå barnehagen til aldersheimen og i festlege lag.

“O jul med din glede og barnlige lyst, vi ønsker deg alle velkommen”.
Foto frå boka: Marita Saue Hamre

I år er det 500 år sidan dansinga gjekk litt for langt i Strasbourg, og den store «dansepesten» braut ut: ei av dei merkelegaste og mest døyelege massepsykosane i europeisk historie.