Det er nok ein gong på tide å snakke litt om miljø

Jon Olav Sandal
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

For ikkje lenge sidan kom FN med ein ny og ganske deprimerande rapport. Dei har nemleg funne ut at det gamle 2-gradersmålet ikkje er gjeldande lenger. For å unngå katastrofale konsekvensar av den menneskeskapte klimaendringa, kan ikkje temperaturen stige meir enn 1,5 grad. Som om vi ikkje var langt nok frå å nå dette målet frå før.

Eg sjølv fekk ei fornya frykt for det vi så godt veit kjem til å skje. Eg trur også mange andre fekk fornya denne frykta. Dessverre trur eg det gjekk fort over for dei fleste. Eit par veker etter at rapporten kom, verkar det ikkje som om det har gått skikkeleg opp for særleg mange kva dette betyr. Viljen til å handle har heller ikkje blitt tilsynelatande større.

Eg sjølv fekk ei fornya frykt for det vi så godt veit kjem til å skje

Dette kan vi ikkje tillate.

I alle fall når løysinga ikkje treng å vere så langt unna og uoverkommeleg.

I lang tid har ein del venner av meg snakka om eit program som heiter Folkeopplysninga, som går på NRK1. Eit program som, på ein særs vitskapeleg måte, tek føre seg eit tema og mytane knytt opp til det. Då eg omsider fekk sett på dette programmet oppdaga eg noko som var ganske nytt for meg. Det var at atomkraft kan vere med å løyse klimaproblema, men vi ser ikkje på det som eit alternativ på grunn av irrasjonell frykt.

Atomkraft er altså ein av dei minst forureinande måtane vi har for å lage kraft her på planeten. Men vi vil ikkje bruke det fordi det har etablert seg ein kollektiv tanke om at det er farleg. Skal ein tru på Folkeopplysninga er det slett ikkje farleg. Det er faktisk den forma for kraftproduksjon som krev minst liv av alle.

Atomkraft er altså ein av dei minst forureinande måtane vi har for å lage kraft her på planeten

Så ei av løysingane til klimaproblema er eigentleg rett framfor oss, men vi vil ikkje bruke den. Spør du meg så fryktar eg konsekvensane av klimaproblema i mykje større grad enn ulykkene som eventuelt kan skje ved eit atomkraftverk.

Matproduksjon er også noko eg gjerne vil sette litt lys på. Folkeopplysninga tek for seg dette også, og kjem fram til same konklusjon som veldig mange andre. Matproduksjon er det som er desidert mest skadeleg for miljøet. Og det er på det område vi som enkeltindivid kan vere med å bidra i størst grad. Å kutte ut kjøtt og meieriprodukt kan spare miljøet for store påkjenningar, men dette er også noko vi ikkje tek innover oss. Det blir heller ikkje spesielt anerkjent av regjeringa som eit alternativ. Tvert i mot så subsidierer dei den delen av matproduksjonen som er mest skadeleg for miljøet.

Eg vil heller risikere ei og anna atomkraftulykke og ofre litt kjøtt enn å risikere konsekvensane ved global oppvarming

Eg slit med å sjå logikken i dette og blir generelt ganske oppgitt. For det beviser at vi ikkje skjønar kva som må til og det viser til lite viljestyrke for å forhindre skadane som vil kome.

For min del er svaret klart. Eg vil heller risikere ei og anna atomkraftulykke og ofre litt kjøtt enn å risikere konsekvensane ved global oppvarming.

Les også: Fusjonskraft skal vere realisert innan 15 år

Les meir om atomkraft her.