ANNONSE
ANNONSE
Framsida SAMFUNN KrFU vil krevje utanriksministerposten til KrF
Fleirtalet på landsmøtet var einige med KrFU-leiar Martine Tønnessen, som vil ha moderpartiet inn i regjering med Høgre, Frp og Venstre. Foto: Astrid-Therese Theisen/KrFU

KrFU vil krevje utanriksministerposten til KrF

Allereie før forhandlingane mellom KrF og regjeringa er i gang, har KrFU avgjort kva ministerpostar KrF må ha for å gå inn i regjeringa.
NPK-NTB
NPK-NTB

Eit samrøystes sentralstyre i ungdomspartiet har vedteke at KrF må krevje postane som utanriksminister, kunnskaps- og integreringsministeren og barne-, familie- og likestillingsministeren i eit eventuelt regjeringssamarbeid, melder NRK onsdag.

I dag er det Høgre-politikarar som har alle dei tre postane, høvesvis Ine Eriksen Søreide, Jan Tore Sanner og Linda Hofstad Helleland.

Les også: Ny måling: Folket seier nei til endringar i abortlova

KrF med ansvar for globale løysingar

KrFU-leiar Martine Tønnessen seier ungdomspartiet gjerne vil ha utanriksministeren fordi utfordringar som flyktningkrisa, klimakrisa og menneskehandel krev globale løysingar.

– Dette er noko av det KrF er mest opptekne av å få gjort noko med, seier ho.

KrF sit no i sonderingar med regjeringspartia Høgre, Frp og Venstre. Dei fire partia er einige om at eventuelle forhandlingar ikkje vil starte først over nyttår.

Les også: KrF og SV vil styrkja populære nynorske tilbod for barn og unge

Kommentarar

ANNONSE