Elise Løvereide
Publisert
Oppdatert 13.05.2018 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Stadig fleire er positive til alternative julegåver. Nokre lagar gåvene sjølv, mens andre gir donasjonar frå velgjerande organisasjonar. Ingrid Øygard (22) er ein av dei som skal lage julegåvene sjølv denne jula. For første gong skal ho gje eigenprodusert handtverk til familien.

– Eg studerer industriell design i Nederland, og har tilgang på ein fin workshop, med maskinar og verktøy. Å gje gåver som eg har laga sjølv gjer at eg blir flinkare, og det er meir personleg. Du har faktisk brukt tid på gåva til personen som får ho.

– Kvifor trur du at stadig fleire unge er positive til alternative julegåver?

Mange julegåver består av ting ein ikkje treng eller kjem til å bruke. Det er synd, særleg med tanke på naturressursane frå materiala. Ein bør vere litt sikker på kva personen ønsker seg – til dømes kan forbruksgåver eller gavekort vere lurt, for det veit ein blir brukt.

Ei av julegåvene til Ingrid Øygard. Foto: Privat

Populært blant unge

Øygard ser mange fordelar med å lage julegåvene sjølv. Ikkje berre er det meir personleg, det er også betre for økonomien og for miljøet, ved å vere lokalt.

– I tillegg er det kjekt å lage ting. Eg tenkte på kva gjenstand som er allsideg og som kan bli brukt til noko. Eit serveringsbrett er eit godt døme. Miljøomsynet er ikkje den einaste årsaka – å glede andre er det viktigaste, seier Øygard.

Ei ny undersøking frå Plan syner at 20 prosent kjem til å gje ei alternativ gåve denne jula. Delen er høgst blant dei mellom 18 og 39 år – i tillegg planlegg 31 prosent av skuleelevar og studentar å kjøpe slike gåver.

Design: Ingrid Øygard

Meir positive

– Det er interessant at spesielt ungdom er bevisst og ønsker å gi noko tilbake. Dei er framtidas  avgjerdstakarar og vi ser ofte at trendar startar med dei unge. I Plan har vi definitivt merka interessa for gåvene våre, seier generalsekretær i Plan, Kjell Erik Øie.

23 prosent i undersøkinga seier at den viktigaste årsaka til at dei gir bort alternative gåver, er at dei veit at organisasjonane gjer ein god jobb. I tillegg ønsker dei å glede mottakaren.

Jo mindre folk tener, jo meir positive er dei til å få alternative gåver. 65 prosent av studentar og skuleelevar hadde reagert positivt på ei slik julegåve, ifølge undersøkinga.

– Har ikkje all verdas pengar

Oda Eikeland Nilsen (22) skal strikke julegåvene dette året.

– Før pleide eg å handle etter ønskelistene. Men eg føler eigentleg ikkje at det er så givande. For meg kjennest det betre å gi noko eg har laga sjølv, seier ho.

Nilsen trur særleg unge er medvitne på alternative julegåver.

– Eg er student, og har ikkje all verdas pengar. Dessutan synest eg det fort blir unødvendig å kjøpe gåver til nokon som sjølve har råd til dei. Det er meir personleg å lage noko, seier ho.

– Kvifor trur du dei unge og dei med lågast inntekt er meir positive til alternative gåver?

– Mange unge har dårleg råd, og ein god del er politisk bevisste. I alle fall er mange i min vennegjeng opptekne av miljøvennlege og velgjerande alternativ. Kanskje ser dei som har mindre frå før meir verdi i andre ting enn materielle verdiar eller i pengar?

– Tar det ikkje lang tid å lage gåvene sjølv?

– Eg har valt oppskrifter som går ganske raskt. I tillegg er det fint å få eit avbrekk frå eksamenslesinga.

Oda Eikeland Nilsen (22) skal strikke sokkar til jul.

– Har alt eg treng

Nilsen synest jula ofte har eit stort fokus på gåvene.

– Mange kjem med bestillingar, og er opptekne av pris. Det kjennest litt meiningslaust når ein må finne noko til akkurat den og den prisen. Då kan ein like godt behalde pengane og kjøpe det sjølv.

Til eit sokkepar bruker Nilsen rundt ein hundrelapp på garn. Ho nyttar to dagar på å strikke ein sokk, og synest at tida som er brukt, gjer gåva meir verdifull.

– Eg hadde sjølv sette pris på ei heimelaga gåve. Eg føler at eg har alt eg treng.

– Synest du fleire burde gje alternative gåver?

– Absolutt. Særleg kan unge studentar ha det som eit alternativ.

Gåve ved sidan av

I tre-fire år har Ida Mageli (22) gitt bort alternative julegåver. Frå år til år kjøper ho gåver frå ulike organisasjonar, medan Plan og Unicef er fast.

– Eg synest at dei organisasjonane gjer mykje bra. Ein tenker at gåvene kan vere spennande, sjølv om dei er symbolske. Nokre gongar kan det vere litt kjedeleg berre å ha fått eit kort med beskjed om at du har gitt nokon ei geit. Derfor pleier eg å leite etter julegåver med ei gåve ved sidan av, som ein nøkkelring eller julepynt, som organisasjonene sel. Eg trur kanskje ikkje alle hadde kjøpt donasjonar dersom dei ikkje fekk ein liten ting ved sidan av.

– Korleis vel du ut kva organisasjonar du vil støtte?

– Det er litt tilfeldig. Eg er lojal ovanfor Plan og Unicef, men gir også til Kreftforeningen og til Regnskogfondet. Du vel sjølv storleiken på donasjonen. Kreftforeningen har pledd og krus og forskjellig, medan andre gongar kan du gi skulemateriell eller syte for at nokon får vaksiner.

Sjukepleiar i Zimbabwe

I sommar jobba Mageli som sjukepleiar i Zimbabwe gjennom Unicef. Der fekk ho oppleve store kontrastar frå Noreg.

– Spør du ei mor der om kva ho ønsker seg til jul, vil ho svare at ho ønsker at barnet sitt får leve. I Noreg svarer ei mor gjerne snille barn, eller ingenting. Om din hovudprioritet er mat og helse, tenker du ikkje på nye vintersko, fordi dei frå i fjor er utdaterte. Den skeivfordelinga gjer at eg vil støtte velgjerande organisasjonar.

– Korleis har responsen vore?

– Berre positiv. Eg får høyre på jobb at det er eit supert forslag.

– Men tar det vekk overraskingsmomentet?

– Eg passar på at det er forskjell frå år til år. Men dei blir glade for julepynten og det er jo ei overrasking kva slags figur dei får.