«Stranger Things»-stjerne oppmodar folk til å #GoBlue

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 21.11.2018 14:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg ser fram til å møta så mange barn og unge som eg kan, for å høyra deira historiar og snakka på deira vegner, seier Millie Bobby Brown i ei pressemelding frå UNICEF.

Den Emmy-nominerte skodespelaren vert tysdag 20. november – på FNs internasjonale barnedag – offisielt den yngste UNICEF Goodwill-ambassadøren.

I årets kampanje #GoBlue oppmodar ho folk om å kle seg i blått og skriva under eit opprop for å få verdas leiarar til å forplikta seg til å innfri born sine rettar.

Les også: UNICEF-rapport utdanning fører til færre barneekteskap

Som UNICEF-ambassadør er Brown i godt selskap med mellom anna fotballspelarane David Beckham og Lionel Messi, skodespelarane Orlando Bloom, Jackie Chan, Priyanka Chopra og Liam Neeson, skodespelar og Youtubar Lilly Singh, samt dei latinamerikanske superstjernene Ricky Martin og Shakira.

I tillegg er den norsk-pakistanske prisvinnande dokumentarfilmskaparen Deeyah Khan og syriske Muzoon Almellehan (19) UNICEF Goodwill-ambassadørar.

Les også: LNU vil ha fokus på unge i fredsprosessar

Utdanning, fattigdom, vald og mobbing

Som ambassadør vil britiske Brown setja fokus på barns rettar og situasjon knytt til mellom anna rett til utdanning og tryggleik, samt konsekvensar av fattigdom, vald og mobbing.

Brown har allereie tredd inn i rolla som ambassadør og nyttar sosiale medium til å profilera saka for sine over 18 millionar følgjarar på Instagram.

UNICEF-direktør Henrietta Fore gler seg over å ha fått Brown som ny Goodwill-ambassadør.

– Born er sine eigne beste talsmenn. Eg veit at Millie vil bruka sin lidenskap og dedikasjon til å forsvara rettane til sårbare barn og unge over alt, seier ho i pressemeldinga.

Les meldinga av Stranger Things 2: Nerdekidsa reddar dagen!

Lysande landemerke

20. november i år er det 29 år sidan FNs barnekonvensjon vart vedteke i 1989. Den internasjonale barnedagen skal markerast på ulike måtar verda over. Store landemerker som Operahuset i Sydney og Empire State Building i New York er blant signalbygga som skal lyse blått.

I Brussel vil ungdomsdelegatar ta over Det europeiske parlamentet og fortelje verdas leiarar kva born vil ha. I tillegg skal unge ta over styringa av parlamenta i mellom anna Montenegro, Peru, Tonga, Surinam og Zambia.