Forskar: – Kampanjar ikkje nok til å lokka fleire til Distrikts-Noreg

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me ser at kampanjeprega stunts fungerer dårleg. Det kan så klart vera med på å skapa merksemd og at innbyggjarane blir stolte av heimstaden sin, men folk flyttar av heilt andre årsaker, seier rådgjevar Hildegunn Nordtug ved Distriktssenteret i Steinkjer til NRK.

Ei kartlegging Distriktssenteret har gjort viser at dei fleste kommunane marknadsfører seg med fin natur og satsar einsidig på småbarnsfamiliar med tilknyting til kommunen.

Les også: Engelske slagord skal lokke unge arbeidstakarar

Må gå breiare ut

Nordtug meiner dette er for snevert, og rår kommunane til å gå breiare ut både med kva dei kan tilby og til målgruppene dei vender seg til.

Vang i Valdres blir trekt fram som ein kommune som har lukkast med å stoppa nedgangen i folketalet ved å tenkja annleis og rekruttera folk på andre måtar. Større jobbpakkar, ulike typar bustader, tilrettelegging av næringsutvikling og arrangement som gjev tilflyttarar eit nettverk er nokre av tiltaka kommunen har sett i verk.

Les også: – Eg har liksom alltid tenkt at eg skal ut, men at eg skal heimatt