Kva er det med Erdoğan?

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette bør du vite om Erdoğan

Presidenten i det tredje største NATO-landet er ein mildt sagt omstridd mann. Utanriksministeren i Storbritannia har kalla han geitepular, han blei nekta å tala i gravferda til Muhammed Ali og fleire motstandarar meiner han siktar mot å bli sultan.

Her er historia om den halvprofesjonelle fotballspelaren sin veg til makta:

Recep Tayyip Erdoğan såg verda første gongen 26. februar 1954. Faren jobba i kystvakta, og som tenåring tente han pengar på å selja brus og sesamboller på gata i Istanbul. Han gjekk på ein imam-skule og studerte seinare handel og administrasjon (men det er reist tvil om han fekk vitnemål). Han spelte fotball halvprofesjonelt for Kasımpaşa Spor Kulübü, som no har kalla stadionet sitt opp etter presidenten.

Erdoğan kom inn i politikken gjennom Den nasjonale tyrkiske studentunionen. 22 år gamal blei han leiar av ungdomspartiet til det islamistiske Nasjonale Frelsespartiet i ein bydel i Istanbul, før han blei leiar av ungdomspartiet i heile millionbyen.

LES OGSÅ: Noreg støttar demokratiet i Tyrkia

I fengsel
I 1980 tok hæren makta i landet og forbaud Frelsespartiet. Tilhengjarane starta seinare Velferdspartiet. I 1985 blei Erdoğan leiar av Velferdspartiet i byen. Han var borgarmeister i Istanbul frå 1994 til 1998. I desse åra fekk han redusert vassmangelen, forureininga og trafikkproblema i byen.
Velferdspartiet blei forbode i 1998, fordi den påstått islamistiske ideologien til partiet streid mot det strenge skiljet mellom politikk og religion i den tyrkiske grunnlova.

Frå mars til juli 1999 sona Recep Erdoğan fire månader av ei ti månaders fengselsstraff han vart idømd for å «oppeldna til religiøst hat».

Tok over etter lovendring
Erdoğan og fløyen hans av Velferdspartiet stifta AKP, Partiet for rettferd og utvikling, i 2001. Ved valet 3. november 2002 vart AKP det største partiet med 34,3 prosent av røystene. Det vann reint fleirtal i parlamentet. Erdoğan var ikkje kandidat ved dette valet, fordi straffedømde ikkje hadde høve til å stilla til val etter grunnlova. Abdullah Gül frå AKP vart mellombels statsminister. Lova blei endra slik at Erdoğan fekk høve til å bli innvald i parlamentet, og 14. mars 2003 tok han over som statsminister.

LES OGSÅ: Folkemordet me ikkje snakkar om

Mange reformer
Før Erdoğan var det hæren som fekk den største delen av statsbudsjettet. No er det skulane som får mest pengar, meir enn ein firedobling på ni år. Den obligatoriske skulegangen er utvida frå åtte til tolv år og skulane har mellom anna fått utdelt over 600.000 smarttavler og fleire millionar av pcar og pad´ar.

Samstundes har talet på imam-skular skote i vêret, og den obligatoriske undervisinga i islam er utvida. Det har òg blitt lov å ha på seg hijab i skulen. Og ifjor lova regjeringa 30.000 kroner til unge tyrkiske par som gifta seg. Målet er å auka folketalet.

Erdoğan har òg gjennomført ei stor helsereform, arbeidslivsreformer og auka bygginga av vegar, flyplassar og jernbanar.

LES OGSÅ: Håvar inn på ekteskap i Tyrkia

I 2011 gav Erdoğan ordre om å øydeleggja humanitets-monomentet som er laga for å betra forholdet mellom Tyrkia og Armenia. Foto: Ggia/Wikipedia/CC BY-SA 3.0

Venner og fiendar
Sidan Atatürk grunnla det moderne Tyrkia i 1923, har hæren og domstolane fått ei særleg rolle for å passa på grunnlova og det strenge skiljet mellom stat og religion. Både domstolar og hæren har difor vore skeptiske til Erdoğan og tilknytinga hans til moderat islamisme. Ved presidentvalet i 2007 åtvara generalstaben mot presidentkandidat og Erdoğan-kompanjong Abdullah Gül, og viste mellom anna til at kona hadde skaut.

Kort tid etter blei over 300 offiserer, mellom dei nokre generalar, skulda for å planleggja eit kupp mot AKP-styret. Fleire opposisjonspolitikarar, journalistar og offiserar blei òg stilt for retten. Dette var mellom anna mogleg fordi Erdoğan fekk støtte frå den mektige Fethullah Gülen og Hizmet-rørsla hans, som har fleire støttespelarar i rettsapparatet.

I 2013 trekte Gülen tilbake støtta si til Erdoğan, etter at straffeforfølginga mot dei påståtte kuppmakarane hadde blitt utsett for mykje kritikk og sentrale bevis var blitt avslørt som falske. Tidlegare same år starta Taksim Gezi-park-demonstrasjonane der Erdoğan fekk mykje kritikk.

Då Gülen trekte tilbake støtta si til Erdoğan, braut det ut ei solid korrupsjonsskandale i Tyrkia. Fleire familiemedlemmar av ministrar i Erdoğan-regjeringa blei arresterte, mellom anna statsministeren sin son, Bilal. Erdoğan skulda Gülen for å styra ein parallell-stat i Tyrkia og fjerna fleire av dommarane med påståtte sympatiar til Gülen.

LES OGSÅ: Morten Myksvoll ser mot Tyrkia

Erdoğan har fått kritikk for bygginga av presidentpalasset, som har nesten 1000 rom og kosta nær tre milliardar kroner. Foto: Ex13/Wikipedia/CC BY-SA 4.0

 

Mediesensur og autoritære trekk
Erdoğan har òg møtt stor kritikk for sensur og innblanding i media. Våren 2014 stengde han tilgangen til Youtube og Twitter då eit lydopptak mellom han og sonen blei kjent. I lydopptaket ber Erdoğan sonen om å skjula store mengder pengar i heimen deira.

28. august 2014 tok Erdoğan over som president. Ifølgje grunnlova skal presidenten ikkje vera medlem av noko parti, Erdoğan gjekk difor av som leiar i AKP dagen før. Men polariseringa i politikken har ikkje minka i dei knapt to åra som har gått sidan. Erdoğan har utvida makta til presidentembetet og har møtt kritikk for ein meir offensiv utanrikspolitikk.

I mars i år tok styresmaktene kontroll over ei av dei største avisene i landet, Zaman. Avisa var positiv til Gülen og Hizmet-rørsla.

I mai gav Erdoğan statsminister Ahmet Davutoğlu sparken.

Og 15. juli blei han utsett for eit kuppforsøk. Kuppforsøket kosta 265 menneske livet, mellom dei 104 kuppmakarar. Etter dette er 2839 soldatar arresterte og 2745 dommarar fjerna frå embeta sine.

Det er venta at Erdoğan vil stramma grepet om makta ytterlegare etter kuppforsøket.

Kjelder: BBC og Wikipedia