Jon Olav Sandal skriv om då han fekk nærkontakt med politistyrkar og politikk i USA etter presidentvalet i 2016.
mm

For to og eit halvt år sidan bestemte eg og nokre venner oss for at vi skulle reise til den berømte byen Los Angeles. Som ein gjeng aspirerande musikarar og artistar var det forlokkande å kunne oppleve kulturen i verdas største musikk-metropol. I tillegg var ein klassekamerat på utveksling der.

Vi bestilte billettar og dato for avreise var 9. november 2016. Dagen det blei klart at Donald Trump blei president.

Vi skulle reise ganske tidleg den dagen. Klokka 05, trur eg. Vi sov derfor hjå foreldra til ein i reisefølget, slik at vi hadde kort veg til Gardermoen. Før vi la oss såg det ut til at Trump skulle vinne, men vi var fortsatt sikre på at det ville snu over natta.

Dagen det blei klart at Donald Trump blei president

Men nei. Då vi vakna var han president i USA og den største leiaren i den frie verda. Vi sette oss på flyet.

Første kveld i LA. Vi sit i leilegheita i Downtown og høyrer helikopter. Ute ser vi minst fem politihelikopter sirklande over leilegheita. Merkeleg, tenker vi. Så kjem eit tog med menneske på veg mot ei bru rett nedanfor oss. Politiet står på andre sida og stoppar dei. Dei står der ei stund og ropar og kastar ting, men gir seg og snur.

På nyhenda seier dei at det var fleire tusen protestantar og dagen etter var det venta demonstrasjonstog med titals tusen menneske.

Sjå video av folketoget her:

Dagen etter skjer det same. Berre mykje fleire folk. På veg over same brua blei dei nok ein gong stoppa og igjen snudde dei. Eg og to andre kompisar blei nyfiken og bestemte oss for å gå ut og følge etter toget.

Stemninga var verkeleg til å ta og føle på. Folk ropte, nokre grein og andre lo oppgitt. Det var alle typar menneske der. Unge, gamle, kvinner og menn med alle slags etniske bakgrunnar og nasjonalitetar. Politiet hadde over hovudet ikkje kontroll.

Eg tenkte at det var slik ein revolusjon kjennest ut som. Av og til kom det meldingar om hendingar som skjedde lenger framme. Meldingane blei meir og meir valdsame. Ein politibil blei angripen og her blir stemninga verkeleg spent. Politiet begynner å gripe inn.

Eg tenkte at det var slik ein revolusjon kjennest ut som

Framme ved rådhuset hadde det samla seg eit folkehav som protesterte. Det var også store mengder opprørspoliti der. Eg og mine to kompisar gjekk inn i ein park, der ein stor gjeng hadde samla seg.

Plutseleg spring opprørspolitiet rett mot parken og omringar oss. Folk begynte å rømme og ein augeblink var det fullstendig kaos.

Dei som rakk det, sprang mot område politiet endå ikkje hadde barrikadert. Nokre klatra over høge gjerder. Vi tre prøvde å nærme oss politiet og forklare at vi var nyfikne nordmenn på tur. Politiet lada haglene sine og ropte: «step back!».

Politiet omringa til slutt rundt 300 stk. og dei begynte å arrestere folk. Beskjeden var: alle skulle i fengsel. Vi skulle altså bli arrestert i LA. Dei kunne heller ikkje love at vi kom til same fengsel.

Vi begynte å ringe rundt. Ambassadane i USA svara ikkje og heime var det midt på natta. Vi var åleine og vi fikk ikkje kontakt med nokon.

Foto: Jon Olav Sandal

Politiet var ikkje akkurat fulle av forståing. Dei sa at det var vår eigen feil. Eg kan i grunnen vere einig i det. Men vi ville jo ikkje i fengsel, naturlegvis, så vi masa vidare.

På eit tidspunkt begynte ein mann å springe på det innesperra området. Politiet følgde etter. Eg var sikker på at eg kom til å vere vitne til politidrap. Var også redd for å bli skutt sjølv. Situasjonen roa seg heldigvis.

To og ein halv time etter hadde tre hundre demonstrantar blitt til seksti. Ein etter ein sendt til fengsel. Vi fekk til slutt tak i ein konstabel av høgare rang. Han tok passa våre og forsvann igjen. Då han kom tilbake med dei, fortalde han oss at vi kunne gå.

Politiet lada haglene sine og ropte: «step back!»

Endeleg frie og ikkje fullt så nyfikne lenger gjekk vi heim og var ganske forferda. Det blei ingen fleire protestar i løpet av opphaldet og det blei alt i alt ein strålande tur. Trass ein litt hard start.

No ler eg godt av det, og det er definitivt det sterkaste minnet frå turen til Los Angeles. Men eg vil anbefale alle andre som skulle finne seg i same situasjon om å betrakte slike demonstrasjonar frå ein litt større avstand enn det vi gjorde.

Les fleire meiningar her.

Oppdatert: måndag 12. november 2018 11.23

LES OGSÅ

MEIR FRÅ JON OLAV

Kommentarar

ANNONSE