Meining: Takk og pris for at vinteren snart kjem

Linda Watten, Porten
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Denne saka er henta frå Porten.no.

Luster: At vinteren kjem betyr nemleg at eg endeleg kan puste letta ut.

Endeleg kan eg sjå opp når eg går på tur i staden for ned. Endeleg kan eg gå på tur utan å få 180 i puls av den minste lyd. Endeleg kan eg gå på tur utan å vera redd for kvar eg går eller trør.

Endeleg kan eg gå på tur utan å få 180 i puls av den minste lyd

For at vinteren kjem betyr nemleg at eg i heile sju månader kan sleppe å bekymra meg for min store, store skrekk…

Hoggorm.

Min store skrekk

Det finst altså ingenting i heile vide verda eg er meir redd enn slangar, og dermed Noreg sin definisjon på det, hoggorm.

Eg har fleire gonger lurt på når eg blei så forferdeleg redd hoggorm. Kva var det som gjorde til at eg ikkje orkar å sjå ein slange på TV, aller minst i dyrehagar og liknande, og i alle fall ikkje i naturen der eg likar meg best?

Det er min natur herr eller fru hoggorm, ikkje din. Det er i alle fall det eg likar å tru. Kva førte til at når eg har mareritt er det meg, fanga i ei seng med hundrevis av slangar rundt meg?

Det er min natur herr eller fru hoggorm, ikkje din.

Eg trur eg har funne det ut. Og den skuldige er min far.

Det er pappa sin feil

Då eg var 7 år fekk han nemleg ein brilliant idé om å ta meg med i eit slangehus i Kristiansand. Han trudde sikkert det skulle bli festleg for meg.

Eg hugsar fortsatt ein lang korridor med glasbur, og slangar så langt auga kunne sjå. Slangar både til venstre og høgre. Sjå der sa han, og peikte entusiastisk på slangane. Og det velta ei bølge av skrekk gjennom meg. Eg klamra meg rundt halsen hans.

Det siste eg hugsar er at han må bære meg ut til mamma medan eg hylskrik og gøymer ansiktet på skuldera hans. Eg kan hugse korleis eg kneip augo att.

Redd for å sjå på Harry Potter

No, fleire år seinare, når eg ser på Harry Potter som kommuniserar med den slangen, og dermed får Dudley til å bli sittande fast på innsida av buret SAMAN med slangen, så tenkjer eg på meg i Kristiansand. Takk og lov for at pappa ikkje er trollmann og fekk meg til å bli sittande på innsida av eit sånt slangebur.

Det siste eg hugsar er at han må bære meg ut til mamma medan eg hylskrik

Eg kan forresten innrømme i same slengen at det er min minst favorittfilm av Harry Potter, utelukkande på grunn av slangane. Fyrst den i buret, og etterpå den store fæle i Mysteriekammeret.

Det er ikkje før i fjor at eg for fyrste gong turte å sjå den slangen i augo. Fram til i fjor var eg redd for å bli forsteina av slangen viss eg såg den i augo, nett som karakterane i filmen blei.

Les også: Harry Potter skal lære indiske studentar juss

Passar på kvar eg går

Difor passar det jo ikkje så bra at eg er glad å gå i naturen, skogen, og på fjellet når våren melder sin ankomst. For det er jo akkurat då ormen er glad i å koma ut av kvar no enn den gøymer seg resten av året.

Men til trass for min store frykt, har eg aldri, aldri møtt på hoggorm når eg har vore på tur. Eg har trampa godt i bakken (for det lærte besta meg å gjera), og pratt høgt. Eg har sett til alle kantar, og passa godt på kvar eg har sett føtene mine.

Slangemøte i Oslo Reptilpark

SKREKK OG GRU: Her er eit bilete frå då slangen veik frå venninna mi og kom mot meg. Som du ser har eg det veldig bra her. Foto: Mali Myhren

I februar inviterte venninna meg til bursdagskalas i Oslo Reptilpark. Litt av ei bursdagsfeiring tenkjer kanskje du, men det var ingen annan stad ho heller ville vera. Så då blei eg med, så lenge ho lova at eg ikkje måtte holda ein slange.

Men medan eg dreiv og kosa meg med ein sabla fin tarantell-edderkopp, så skulle ho plutseleg holda den aller største slangen i heile reptilparken. Det vrengte seg inni meg.

Skrekkslagen såg eg på at venninna mi holdt det største og styggaste vesenet eg har sett i heile mitt liv. Den var nesten like fæl som slangen Dudley møtte i Harry Potter.

Då ho var ferdig såg slangemannen på oss andre og sa «er det nokon andre som vil holde?». Ei annan venninne spratt opp, medan eg tenkte «no Linda! No har du sjansen til å overvinna din største frykt! Gjer det! Sei du vil».

– Eg vil holda slangen!

Og medan hjernen og hjarta kjempa mot kvarandre, gjekk eg sakte fram og sa «eg vil holda han».

SKREKK OG GRU: Når du prøver å lata som om du er kul, men eigentleg held du på å døy av skrekk. Foto: Mali Myhren

Eg fekk bakenden av slangen, medan venninna mi holdt hovudet og halsen. Eg kjende det knyta seg i magen medan hjarta sank ned til føtene. Eg var så redd, men så modig.

 

Akkurat då snudde slangen seg. Han vende seg vekk frå venninna mi, og sette kursen mot meg. Hjarta spratt opp i halsen, og eg hadde mest lyst å sleppe han i bakken.

Likevel stod eg der med augene att, prøvde smila til kamera, og tenkte «fake it until you make it».

Herregud så modig eg var.

Etterpå viste pulsklokka mi at gult nivå, noko som betyr «fat burn». Den trudde altså eg hadde ei bra økt på treningssenter.

Tårevått møte med hoggorm

Så sidan eg denne dagen i februar brått bestemde meg for å overvinne frykta mi, trudde du kanskje det skulle gå bra om eg ein vakker fæl dag møtte på ein hoggorm? Det trudde eg òg.

Etterpå viste pulsklokka mi at gult nivå, noko som betyr «fat burn»

I april gjekk eg med venninna mi, Borghild, til utkikkspunktet Sengaberget her på Skjolden.

Gjennom skogen sa Borghild: «Uff, tenk om me møter hoggorm no. Då blir eg så redd». Medan eg svarte, ironisk nok: «Ja eg les det var så masse hoggorm i Sunnfjord allereie! Men eg trur ikkje dei er her endå, snøen er jo ikkje heilt vekke».

Leikande lett trippa eg oppover bakken mot postkassen og turboka. Eg såg ned heile tida, løfta høgre fot for å trø over ein stein, og der.

Der såg eg rett ned i eit grått, langt vesen med eit svart sikk-sakk-mønster.

Ein hoggorm.

Filma det på Snapchat

Hjerna mi jobba dødssakte, og hjarta mitt hoppa over eit slag.

SNAP: Frå venninna mi Borghild sin snap, rett etter det tårevåte møtet med hoggorm.Foto: Skjermdump/Snapchat

Før Borghild visste ordet av det la eg på sprang ned – hylande – forbi ho, tok tak i skuldera hennar, gjekk i kneståande bak ho med hendene føre ansiktet, heiv etter pusten – og så kom tårene.

«Oi, den var stor», sa ho.

«UÆHHÆ» sa eg medan eg hylgrein. Eg hylgrein som berre eit menneske i skogen på 24 år kan hylgrine.

Eg hiksta og hulka og skalv.

Borghild gjorde det einaste rette ein kvar ven ville gjort i ein sånn situasjon.

Ho filma meg på Snapchat og sendte det til venene sine medan ho sa «stakkar, møtte du hoggorm?».

«Min store skrekk» bælja eg attende.

Kan slappe av i sju månader

Og så gjekk eg ikkje tilbake til Sengaberget før i slutten av august.

Ein ting lærde eg i alle fall den dagen. Å holda ein slange i reptilparken kurrerte på ingen måte min store frykt for slangar. Eg er, om det er mogleg, endå meir redd for å møta på orm no enn tidlegare.

Eg hylgrein som berre eit menneske i skogen på 24 år kan hylgrine

Vondt skal vondt fordrive, seier mamma. Det er ikkje sant seier eg.

Men no kan eg heldigvis slappa av i sju månader.

Så får eg heller byrja å grua meg til nye møte med orm i april.

Den tid den sorg.

Her kan du lese fleire meiningar i Framtida.no