Helsesista med eigen tv-serie

Beate Haugtrø
Publisert
Oppdatert 05.11.2018 08:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det stemmer! Eg er i gang med innspelinga av min heilt eigen TV-serie. Det er utruleg stort og veldig gøy!, skriv Tale Maria Krohn Engvik i ein kommentar til Sunnmørsposten.

Serien skal heite Helsesista,  og mykje meir enn det har ho ikkje gått ut med. Men dei rundt 40.000 følgarane på Snapchat og over 20.000 følgarane ho har på Facebook, har allereie fått med seg nyheita.

Viktig å fortelle til sjåarane først

Frå innspelinga til Helsesista`. Bildet er skjermdump frå Helsesista sin story på Snapchat.

– Det var viktig for meg å fortelle det til sjåarane mine på Snapchat først, det er for dei eg gjer alt dette <3, kommenterer ho til avisa.

Helsesista har begynt å legge ut snappar frå innspelinga. På det siste opptaket er ho oppe i ei trehytte i skogen og pratar med Brede Finne på 25 år. Her fortel han om da han tidlegare stod fram som homofil på Helsesista sin Snapchat.

Permisjon frå den «vanlege» jobben

Det var i starten av 2017 at helsesøster Krohn Engvik starta snapchat-kontoen Helsesista, med lågterskel-prat om alt frå sex til vennskap og mobbing.

Jobben hennar som Snapchat-helsesøster har vorte så stor at ho no har permisjon frå jobben som helsesøster i Oslo kommune for å vere helsesøster på Snapchat.