Kva skjer med Simpsons-karakteren Apu?

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det var komikar Hari Kondabolu som først peika på problemet med Apu då han i fjor lanserte dokumentarfilmen Problemet med Apu.

Den indiske eigaren av den lokale Kwik-E-Mart-butikken har vore med i den populære teikneserien The Simpsons i ei årrekkje.

Serieskaparane har tidlegare valt å kommentera kritikken på denne måten:

 

Les også: Rasistisk? – Slapp av, seier serie-skaparane

Hevdar Apu skal ut

No siterer Nettavisen internasjonale kjelder på at The Simpson-skaparane har teke kritikken til følgje og vil droppa karakteren.

– Dei skal droppa Apu-karakteren heilt, seier Adi Shankar til nettstaden Indiewire.com.

Via Twitter svarar The Simpsons-forfattar Al Jean på rykta med å understreka at Adi Shankar ikkje snakkar for The Simpsons:

Produsent, Youtube-personlegheit og skodespelar Adi Shankar. Foto: vagueonthehow, CC BY 2.0

Manuskonkurranse om Apu-problemet

Den indisk-amerikanske produsenten, skodespelaren og Youtube-personlegheita Shankar har engasjert seg sterkt i skjebnen til Apu Nahasapeemapetilon.

Han har nemleg halde ein manuskonkurranse for å løysa Apu-problemet.

Vinnaren Vishaal Buch, som til vanleg jobbar som doktor i Maryland, har valgt å la Apu klatra opp karrierestigen frå butikkeigar til businessmann.

Adi Shankar forklarar problemet i ein pilot som viser korleis den nye Simpsons-episoden kan bli:

– Ein TV-serie om feigheit

Shankar hadde håpa at Fox News ville produsera episoden om Apu. Han er ikkje i tvil om at den satiriske tv-serien gjer ein tabbe om dei no vel å droppa karakteren for å unngå kontroversen.

– Om du har ein TV-serie om kulturelle kommentarar, og du er for redd til å kommentera kultur, spesielt når det er ein komponent du har vore med på å skapa, då er du blitt ein TV-serie om feigheit, seier han til Indiewire.com.

Shankar er trygg på at han kan laga ein The Simpsons-episode som passar inn i universet til Simpsons-skapar Matt Groening og er open for å inkludera etablerte Simpsons-skodespelarar som Hank Azaria, mannen bak Apu.

Les også: Harry Potter-skapar skulda for rasisme

Er Apu daud?

Då Indiewire kontakta Fox for å stadfesta informasjonen frå Shankar fekk dei beskjed om at Apu dukka opp i episoden My Way or the Highway to Heaven, den 14. oktober i år. I denne tredje episoden i serien sin no trettiande sesong ser ein Apu i eitt enkelt bilete der fleire karakterar står rundt gud i himmelen.

Blant dei som reagerer på Apus varsla bortgang er Liberalistene Oslo: