Den gule fargen og slipset til kongen

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er kjent at den gule sløyfa, som mellom andre Manchester City-trenar Pep Guardiola ber på jakkekragen, symboliserer protest mot fengsla katalanske politikarar.

Plakat for fotball-VM i 1934. Foto: Wikipedia

Fotballen har vore utnytta politisk heilt sidan Italia under il Duce (Føraren) Mussolini i 1934 arrangerte VM, og like godt vann heile meisterskapen, til rytmiske skrik av ‘I-ta-lia,.. Du-ce… Du-ce… I-ta-lia’. Dei nære banda Real Madrid hadde til sentralregjeringa under Franco-diktaturet (1939-1975) blir reflekterte i Spania den dag i dag. Då Real Madrid og Atlético Madrid spela finalen i Meisterligaen, sat den konservative statsministeren Mariano Rajoy klint inntil presidenten i Real Madrid, Florentino Pérez, som om ikkje Atlético Madrid òg var eit spansk lag. Året etter, då FC Barcelona vann finalen, var korkje Rajoy eller kong Filip 6. til stades på kampen.

Blei utestengd frå fotball-EM

I det tidlegare Jugoslavia fekk politisk hat og nasjonalistiske emosjonar valdelege utslag på slutten av 1980-talet, nærmast som eit forvarsel om krigane som lurte like om hjørnet. Og i 1992 nytta det internasjonale samfunnet fotballen som politisk symbol og pressmiddel, då det jugoslaviske landslaget blei utelukka frå EM, som det hadde kvalifisert seg til. Eksklusjonen fekk det serbiske folket til å føla seg spesielt isolert.

Frigjeringsfronten FLN i Algerie sendte på slutten av 1950-talet ut eit lag med algeriske spelarar som hadde gjort suksess i Frankrike, for å samla støtte til «det frie Algerie». Dåverande president for det internasjonale fotballforundet FIFA, João Havelange, erklærte i 1998 at han ville ta initiativ til ein fotballandskamp mellom Israel og Palestina for å løysa den mest brennande konflikten i vår tid. Nokre år seinare ville den same FIFA-presidenten gjera sitt til at Sør- og Nord-Korea skulle stilla med eitt landslag i VM i 2002, som gjekk av stabelen i Sør-Korea og Japan.

Josep Sunyol på FC Barcelona-museet. Foto: XiscoNL, CC-BY-SA-lisens

Markert bruk av fotball i politikken

I Spania har den politiske bruken av fotballen vore spesielt markert. Særleg frå 1960-talet av blei FC Barcelona i Catalonia og Athletic Bilbao og Real Sociedad (frå San Sebastián) viktige symbol på ei nasjonalkjensle som alt lenge hadde gjort seg gjeldande. I FC Barcelona sitt tilfelle går identifiseringa av fotball, modernitet og katalansk identitet attende til 1920-talet. Då den spanske borgarkrigen (1936-1939) starta var Josep Sunyol leiar for klubben. Sunyol, som også var ein framståande politikar for ERC (Catalonias Republikanske Venstre), fall i eit bakhald utanfor Madrid 6. august 1936. Som den offentleg kjende personen Sunyol var, blei han omgåande identifisert, arrestert og skoten på staden. I FC Barcelona er Sunyol kjent som martyrpresidenten.

El Barҫa, més que un club (FC Barcelona, meir enn ein klubb) var det første eg lærte meg på katalansk, sjølv om det gjekk ei tid før eg fullt ut forstod kva som låg i dette mantraet. Mottoet kom i opprørsåret 1968, i ei tid då Catalonia stod fram som det motkulturelle senteret til dei grå diktata frå Madrid. Gjennom protestsong, forlagsverksemd og grasrotverksemd presenterte spesielt byen Barcelona seg som eit kraftsentrum for den demokratiske opposisjonen til diktaturet. Identifiseringa mellom el Barҫa, katalansk språk og den katalanske demokratikampen nådde fotballstadionet Camp Nou, og til store protestar frå Franco-regimet gjekk ein i 1972 over til å gje speakertenestene på katalansk.

Frå ein demonstrasjon til støtte for eit uavhengig Catalonia. Foto: Màrius Montón, CC BY-SA 4.0/Wikipedia

Diktatorprotest

Det er særleg i periodar med diktatur og undertrykking at fotballen får politiske utslag. Som døme kan ein nemna fotball-VM i Argentina i 1978, midt under eit brutalt militærdiktatur. Fullstappa tribunar tente den gongen som offentlege arenaar for mange som ikkje fann andre måtar å uttrykka avsky for diktaturet på. Politiet og militære kunne jo ikkje godt arrestera 50 000 personar eller meir som skreik at Videla, leiaren for militærjuntaen, burde førast til rettarstaden.

Åra frå 1980 fram til tusenårsskiftet var prega av det nyliberalistiske frisleppet i økonomien, noko som synte att i fotballen ved skyhøge løner for dei beste, større skilnader og ein fotballøkonomi som kom ut av kontroll. Og då katalanarane rundt år 2005 diskuterte nye sjølvstendevedtekter, tok det til å henda saker og ting både i politikken og i fotballen. Etter at det dåverande opposisjonspartiet, det noverande regjeringspartiet PP (Partido Popular), tok til å stikka kjeppar i hjula for sjølvstendevedtektene, tok fleire til å krevja uavhengigheit frå Spania. I særleg grad gjaldt dette folk og grupper på høgresida.

I-Inde-Independència

Dei seinaste seks-sju åra har ein på Camp Nou kunna høyra rop om I-Inde-Independència 17:14 minuttar ut i kvar omgang, som ei påminning om 11. september 1714, då Barcelona fall i hendene på det sterkt sentralistisk orienterte franske bourbonar-dynastiet, som ikkje brukte lang tid på å ta frå katalanarane dei særeigne rettane og institusjonane som Catalonia-regionen hadde hatt i fleire hundre år.

I dag roper ein òg for fridom: Llibertat, Llibertat, når el Barҫa spelar heime. Spanskekongen, som har forsvart den harde undertrykkinga av tilhengarar av katalansk uavhengigheit, hadde på cupfinaledagen hengt på seg eit slips i det andre laget, Sevilla, sine fargar. Heldig for han at tryggleiksvaktene ikkje tolka nokon politisk bodskap inn i dei fargane!

GÅ TIL TEMASIDENE VÅRE FOR CATALONIA HER!


Johannes A. Nymark har nettopp pensjonert seg frå Noregs handelshøgskole, der han har forska, publisert og undervist i spansk språk og i spansk og latinamerikansk kultur, samfunn og historie. Han er forfattar av boka Draumen om Catalonia, utgjeve på Samlaget i 2015.