NVE: Behov for 2,5 milliardar kroner til flaumførebygging
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har rekna ut at det er behov for 2,5 milliardar kroner til flaum- og skredsikringstiltak over heile landet.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Sikra Odda mot flaum
Utrekningane til NVE viser at til saman 69 stader i Noreg har behov for tiltak i størrelse 5 millionar kroner eller meir, til saman rundt 2,5 milliardar kroner.
I utkastet, som vart laga før flaumen i helga, har NVE blant anna nemnt flaumsikring av områda som vart ramma: Elvane Otta og Lågen i Oppland for 45 millionar kroner, og flaum- og skredsikring i Stryn i Sogn og Fjordane for 30 millionar kroner.
– Lista gir ein indikasjon på behovet for flaum- og skredsikringstiltak som bør løysast over tid. Etter ei hending som flaumen i helga vil det også kunne vere behov for hastetiltak, seier Helgås.
– Nyleg sikra vi Odda sentrum mot flaum, og det viser seg at denne sikringa har komme til nytte, seier Helgås, som meiner skadane der ville vore større utan.
Les også: Går det an å fjerne vatn?

Store øydeleggingar på industrifeltet i Bismo, mildvêr og mykje regn har gitt vårflaum-tilstandar på seinhausten. Foto: Ørn Borgen / NTB scanpix / NPK