Men livmora mi får du aldri
Kvifor skal utflytta bygdejenter flytte heim, på grunn av kompetansen dei har skaffa seg i byane, eller for å bøte på fødselsstatistikken?
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I haust kom Gunnhild Øyehaugs nye roman Undis Brekke, om 38 år gamle Undis som vender attende til Sunnmøre for å undervise i nordisk ved høgskulen i Eitre (som deler visse likskapstrekk med Høgskulen i Volda). Undis hadde aldri planar om å flytte frå universitetsbyen Bergen. Det gjekk ikkje betre enn at det vart slik likevel:
«Men her, på flyet, der eg sat og såg ut flyvindauget og såg ned på dei tynne stripene av lys klemt inn langs fjordane her og der på Sunnmøre, kjendest det ikkje lenger lettande, ikkje skremmande heller, det kjendes ufråvikeleg. Hit. Hit skulle eg altså, tilbake til denne bygda som eg hadde ville røme frå heile livet».[1]
Slike tankar gjer Undis seg når Widerøeflyet går inn for landing i bygda ho forlét for godt. Det er ikkje heimlengt som gjer at ho vender nasa heimover, men eit ønske om å flykt frå ei halvferdig doktorgrad om poesi og prosa hos Arthur Rimbaud, og eit mislukka lesbisk kjærleiksforhold. Mange vestlandske forfattarar har skildra denne lengten vekk frå bygda, og etter kvart – lengten heim.
LES OGSÅ: Kvinnene rømmer frå distrikta
Den utdøyande vestlendingen
Det er kanskje eksistensielle kriser som den Undis Brekke opplever Møre og Romsdal må setje sin lit til, dersom det skal vere håp om å bøte på det veksande kvinneunderskotet.
For det ser ikkje lyst ut. At unge kvinner forsvinn, er ein tendens ein finn att i småkommunar over heile landet. Men for mitt heimfylke er statistikken nådelaus: Den slår fast at for aldersgruppa 20-39 år, har Møre og Romsdal det største kvinneunderskotet i landet.[2]
Konsekvensen er at fødselstala i fylket stuper. Nordvestlendingen er kort og godt i ferd med å døy ut. Det har fått alarmen til å gå hos fleire. I 2011 tok dåverande fylkesordførar Olav Bratland (H) opp kvinneunderskotet i ein tale til fylkestinget:[3]
«..Det er flere menn enn kvinner som finner fylket vårt attraktivt. Den gode folketallsutviklingen kan i stor grad forklares av innvandring fra utlandet. Vi har stor netto fraflytting av unge, dessverre et underskudd av kvinner i fertil alder og andelen barn i befolkningen er nedadgående.»
Tre år seinare måtte noverande fylkesordførar Jon Aasen (Ap) konstatere at situasjonen ikkje hadde endra seg:[4]
«Vår ungdom reiser ut for å ta høgare utdanning, og altfor mange kjem ikkje tilbake. Særleg gjeld dette jentene. (..) Kvar vert det så av dei? Og kvar vert det av ungdom som reiser ut og tek høgare utdanning? Kvifor kjem ikkje fleire av dei tilbake til heimfylket?»
Eit mogleg svar er: Fordi det ikkje er interessant nok. «Fylket er for lite attraktivt for unge kvinner å bosette seg. Vi framstår nok som veldig maskuline med viktige stikkord som verft, fiskeri og fotball»,[5] sa fylkesplansjef Ole Helge Haugen tilSunnmørsposten då fylkesstatistikken kom i 2013. Det er ein treffande observasjon.
LES OGSÅ: Meir enn glansbiletet
Kva skal kvinner med Møre og Romsdal?
På grunn av dei sviktande fødselstala må dei utflytta unge kvinnene lokkast heim. Dessutan må nye kvinner flytte til. Slik kan ein lese den offentlege analysen i Møre og Romsdal. Som eit ledd i dette arbeidet leverte Møreforsking nyleg ein rapport om kvinner og busetjing på bestilling frå fylkeskommunen, som denne teksten dreg vekslar på. Politikarane i Møre og Romsdal ønskte seg ei «utgreiing om kva som skal til for å få kvinner mellom 20-39 år til å busetje seg i fylket». Forskarane Giskeødegård og Grimsrud innleiar rapporten med å kritisere premissen. For kva er det fylkespolitikarar finn mest attraktivt ved dei unge kvinnene – kompetansen dei unge har skaffa seg ute, eller det faktum at dei kan få barn?
«Når målgruppa er kvinner i fruktbar alder, og når hensikta er å auke folketalet, er det lett å tolke dette som at kvinner er mest ønska i eigenskap av å vere mødrer. Vidare, når grunngjevnaden for å satse på å få fleire kvinner er skeiv kjønnsbalanse, er det nærliggande å forstå dette som eit ønske om å skaffe koner til overskotet av menn.»[6]
I staden for dette instrumentelle synet på kvinner, argumenter forskarane for at ein må setje kvinner sitt eige perspektiv i sentrum. Då blir spørsmålet: «Kva skal kvinnene med Møre og Romsdal – kvifor bør dei flytte dit?».
Dersom dette perspektivet skal ligge til grunn, må ein byrje med å granske utflyttarane.
Vestlandsk bygdeungdom kjem til byen som moderne bondestudentar, og i byen blir dei endra. Forfattar Olaug Nilsen har tematisert dette i romanen Vi har så korte armar, som har bilete av ein kopp med kaffilatte og ei gamal bunadssølje på omslaget. Boka handlar om Ølgjer og Liv som reiser frå bygda «Skoddeheimen» til Bergen for å studere. Begge to strevar med å avklare forholdet til heimstaden. Dei står med ein fot i byen og ein i bygda:
«Dei fleste ungdommar forlèt både bygda og byen og fylket for å ta høgare utdanning. Det ser ut til at dei først og fremst føretrekker å reise til Bergen i nabofylket Hordaland, som er ein mykje større by enn den usle Stor-Skoddeheimen. Dei studerer både på høgskule og universitet, og etter å ha fått smaken på den enorme fridomen byen tilbyr, reiser dei truleg aldri heim igjen.
Ølgjer ler for seg sjølv.
Sjølv om nokre av dei har så lyst at det gjer vondt, legg han til.»[7]
Det er større avstand mellom utkanten og Bergen enn geografien skulle tilseie. «Reisa frå bygda Skoddeheimen og til byen kan ikkje målast i kilometer, men i språk, samversformer, fordommar og ambivalens», sa NRKs Marta Norheim då romanen kom ut i 2002.[8]
Kan ein reise attende etter ei slik endring, slik politikarane i Møre og Romsdal fylke ønskjer seg? Eller for å sitere frå Olaug Nilsen sin roman: «Kan by og land gå hand i hand?». I romanen blir spørsmålet hengande i lufta.
LES OGSÅ: – Menn forstår økonomi betre enn kvinner
Utkantjentenes stille revolusjon
Kvinner har lang tradisjon for å flytte frå distrikta, skriv Giskeødegård og Grimsrud.[9] Tidlegare fordi jenter ikkje, i motsetnad til mange gutar, fekk ta over familiegarden. Det var også større etterspurnad etter tenestejenter enn tenestegutar i byane. Slik sett kan ein sjå på flytting som godt forankra i kvinnekulturen.
I dag er det fleire jenter enn gutar som flyttar frå distrikta for å ta utdanning. Ifølgje sosiolog Kåre Heggen tek jenter frå distrikta også høgare utdanning i større grad enn jenter frå byane. Heggen har omtalt dette som «utkantjentenes stille revolusjon».[10]
Heggen slår fast at bygdejentene bryt med Pierre Bordieus teoriar om at sosial bakgrunn og kulturell kapital er avgjerande for utdanningsval.[11] Bygdejentene gjer som innvandrarjentene: Dei gjer meir skulearbeid enn byungdomen, og skaffar seg høgare utdanning for å kunne sørge for seg sjølve. Samstundes skaffar dei seg kulturell kapital som gjer avstanden mellom bygda og byen større. Denne avstanden er likevel ikkje like stor som den ein gong var. Det har vore kaffibarar i distrikta i årevis. Arbeidsmarknaden, derimot, er framleis dårlegare for kvinner enn for menn.
Ungdomens oppfatning av arbeidsmarknaden på heimstaden påverkar utdanningsambisjonane deira, ifølgje Heggen. Dess dårlegare utsikter, dess høgare ambisjonar.[12] Jentene i Møre og Romsdal reiser frå eit fylke med eit svært kjønnsdelt arbeidsliv, som samstundes har ein av landets høgaste prosentandelar deltidsarbeidande kvinner. Utdanninga blir ein måte å sikre seg sjølvstende på.
Det er neppe slik at fleirtalet av dei jentene tek eit endeleg oppgjer med heimstaden når dei flyttar, slik som Undis Brekke i Gunnhild Øyehaugs roman. Men møreforskarane Giskeødegård og Grimsrud tek likevel eit oppgjer med teorien om «neonlyseffekten», som seier at kvinner flyttar til byane fordi byane er attraktive, utan at det er noko gale med bygdene.
For det er altså ein del som er gale. Bygdedyret, til dømes.
LES OGSÅ: Feminisme-testen
Flukta frå bygdedyret
«Eg betalte. Ho snudde seg og begynte å sprette opp nokre kartongar med tapetkniv for å signalisere at samtalen var over. Då eg tråkka heimover, var det med ei ekkel kjensle av å vere under oppsyn.»[13]
Forfattar Agnes Ravatn skildrar møtet med bygdedyret i fjorårsromanen «Fugletribunalet». Romanen handlar om NRK-kjendis Allis Hagtorn som etter ei offentleg sexskandale flyktar til «ein eldre trevilla ved fjorden». Det går ikkje lenge før Allis støyter på det mykje omtalte dyret i form av ei nysgjerrig kassadame på nærbutikken. For kven er denne mystiske tilflyttaren?
Grimsrud[14] har studert utflytta jenter sitt syn på heimstaden. Utdanning og eventyrlyst hadde lokka jentene til byen. På spørsmål om tilbakeflytting var kjønnskulturen viktig som forklaring på kvifor dei ikkje såg føre seg å flytte heim. Men det var dei lokale kvinnene, og ikkje mannfolka, som var årsak til uroa:
«Interessant nok var det ikkje gubbekulturen dei frykta, men kjerringkulturen. Dei meinte det i stor grad var dei busette og etablerte kvinnene på heimstaden som bestemte kva som høvde seg for kvinner og kva som ikkje gjorde det. Det var kjerringane, og ikkje gubbane, som sette grenser for korleis dei kunne leve sine liv.»[15]
Draumen om den landlege idyllen har ein tendens til å krasjlande i møte med den nysgjerrige kassadama, eller i Olaug Nilssen sitt univers: «Skoddeheimen samtaleforening». Bygda set deg i ein større samanheng som du må attende til byen for å sleppe unna. Vekk frå «livssanningane», som det heiter i «Undis Brekke».
LES OGSÅ: Kvinnegruppa Ottar Dahl vil ha meir historie i vidaregåande
Jenter på leit etter mangfald
«Kjerringkultur» eller ikkje, jentene frå Møre og Romsdal reiser frå eit mannsdominert fylke. SSB sin likestillingsindeks plasserer Møre og Romsdal på botn saman med Agderfylka. Menn dominerer i næringsliv og politikk. I tillegg finst det få arbeidsplassar for folk med høgare ikkje-teknologisk utdanning på nordvestlandet. Det gjer både arbeidsmarknaden og kulturen mindre mangfaldig.
«Det er derfor sunnmørskvinnene drar, mens guttene på verftene og offshore-båtene blir, for å sette det på spissen», skreiv Sunnmørspostens Tormod Utne fast i ein kommentar til fjorårets fylkesstatistikk.[16] Han åtvara samstundes mot stereotypen av sunnmøringen: «Det bildet vi skaper av oss selv, betyr faktisk en del for hvordan vi oppfattes».
Det er mykje godt å seie om den sunnmørske stereotypen. Han er både sjølvberga og driftig. Men han er først og fremst mann. Regionen har synlege kvinner som industrileiarane Gunvor Ulstein og Kjersti Kleven og fylkesvaraordførar Gunn Berit Gjerde (V), men dei er i mindretal.
Årets fylkesstatestikk åtvarar også om at den einsidige arbeidsmarknaden gjer regionen meir sårbar i møte med endringar i den internasjonale økonomien, noko som kanskje uroar vestlendingane meir enn sjølve kvinneunderskotet.
«Manglande tilgang på arbeidsplassar for kvinner generelt, og kanskje særlig for kvinner med høgare utdanning spesielt, vil likevel vere ein avgrensande faktor i rekrutteringa av kvinner, både i Møre og Romsdal og fleire andre fylker i liknande situasjon», skriv Giskeødegård og Grimsrud.[17] Det same mønsteret gjeld til dømes for Island og Færøyane. Også der er distrikta prega av høge tal på deltidsarbeidande kvinner, ein maskulin næringsstruktur og tradisjonelle kjønnsstrukturar.[18]Ungdom, særleg jenter, flyttar frå rurale strøk. Mange småsamfunn slit med kvinneunderskot.
Eit problem forskarane set fingeren på, er at lokale styresmakter i liten grad evnar å setje likestilling på dagsorden. Det kan henge saman med at få kvinner i distrikta deltek i det politiske livet, eit trekk vi finn att her heime.
LES OGSÅ: Vil ha mannlege helsefagarbeidarar
Lokalpolitikkens andre kjønn
Olaug Nilsen skriv godt og humoristisk om kvinneliv på ein småstad, i romanen Få meg på, for faen. Her møter vi «kona til Sebjørn», som er på jakt etter ei meining med livet. Ho har vore heimeverande sidan ungane var små, og kjenner seg lite verdsatt. «Kvifor heiter eg liksom berre kona til Sebjørn?»[19], spør ho.
Spørsmålet blir starten på ei feministisk oppvakning, der enden på visa blir at «kona til Sebjørn» tek seg arbeid. Når ho får nyss om at nepeforedlingsfabrikken ho arbeider ved er truga av nedlegging, reiser ho til Oslo for å demonstrere utanfor Stortinget. Nilssen teiknar eit godt bilete, som stemmer med det forskarane veit om kvinner og politisk deltaking.
Dei amerikanske samfunnsforskarane Torben Iversen og Frances Rosenbluth har dokumentert samanhengen mellom kvinners arbeidslivsdeltaking og kvinners politiske deltaking på nasjonalt plan.[20] Der få kvinner arbeider, eller arbeider deltid, er dei vanlegvis i mindre grad representerte i politiske organ. Den låge arbeidslivsdeltakinga forsterkar tradisjonelle haldningar til kvinner, samstundes som det hindrar kvinner i å opparbeide seg profesjonell erfaring og ressursar som kan gje truverde blant veljarane.
På same tid spelar valsystem ei rolle for kor mykje arbeidsdeltaking får å seie for kvinners politiske representasjon. Yrkesaktive kvinner har lettare for å bli valde i såkalla forholdstalsvalsystem (som det norske), enn i fleirtalssystem der einskildkandidatar spelar ei viktigare rolle.[21]
På den andre sida er det ein tendens til at forskjellane mellom partia blir oppfatta som mindre i små kommunar enn i store.[22] I større kommunar er den politiske debatten meir prega av partipolitikk og større saker. Då blir kven ein generelt har tillit til ein viktig komponent, samt at einskildsaker kan få stor tyding for valresultatet.
Mykje kan altså tyde på at menn har større rom for å opparbeide seg tillit og erfaring enn kvinner. For det første er kvinner sjeldnare førstekandidatar på dei politiske listene. Dette gjeld ikkje minst for dei likestillingsorienterte, raudgrøne partia. For det andre gjev personstemmesystemet veljarar sjansen til å velje bort kvinnene.
Ofte er det nettopp det som skjer. I dei små hordalandskommunane Fitjar og Austrheim førte personstemmer til at kvinneandelen i kommunestyret nesten vart halvert ved førre val.[23] Prosentdelen valde kvinner dersom personstemmer ikkje talte ville vore på 41. Etter valet enda begge kommunestyra opp med 24 prosent kvinnelege representantar. Tendensen gjaldt for også fleire kommunar. Mange peikar på at kvinner sjølve har eit ansvar for å takke ja til å stå på politiske lister, noko som sjølvsagt er rett. Men desse tala syner at svært mange kvinner allereie stiller opp, men at kvinner som gruppe opplever å bli nedprioritert. Forskar ved Rokkansenteret, Hilde Danielsen, forklarer dette med at veljarar helst vil ha erfarne listekandidatar. Ifølgje May-Linda Magnussen og Christine Svarstad frå Agderforskning spelar kjønn også ei rolle for kven som har erfaring: Menn tek nemleg oftare attval enn kvinner.[24]
Det vart inga auke i talet på kvinnelege ordførarar og representantar etter førre kommunestyreval. Framleis er det 38 prosent kvinner i norske kommunestyre[25]. Møre og Romsdal har berre to kvinnelege ordførarar. Ifølgje Magnussen og Svarstad var 72 prosent av listetoppene menn i 2011. Når det gjeld andreplassen på vallistene, var situasjonen motsett.
I lokalpolitikken er det altså liten tvil om at kvinna er det andre kjønn.[26]
I tillegg kjem spørsmålet om kven som tek ordet i politiske samanhengar. Lik representasjon gjev ikkje nødvendigvis menn og kvinner like mykje reell makt.
LES OGSÅ: Sjukt lite likestilt
Den kvelande velviljen
«Den kvelande velviljen til kvinner», skreiv journalist i Sunnmørsposten Torill Myren nyleg i ein kommentar om kvinner og lokalpolitikk[27]. Det som skal til for å få kvinner inn i politikken, til dømes kvotering, blir kvelt av godviljen. For det er ikkje slik at mennene ikkje ønskjer seg fleire kvinner i politikken, ifølgje dei sjølve. Det er kvinnene som er uinteresserte:
«Så lenge mennene seier dei er velvillege, er problemet plassert hos kvinnene. Dermed blir det diskusjon om at kvinnene må gi frå seg ansvar på heimebane. Ikkje om at mennene tek for lite ansvar heime. Eller om at kvinner ikkje har spisse nok albogar – i staden for kvifor menn har skapt politiske miljø der ein må alboge seg fram.»[28]
Men er det eigentleg så nøye kven som sit i kommunestyret? Ja, skal vi tru Magnussen og Svarstad. Dei peikar på at kven som utformar politikken også får konsekvensar forkva som blir politikk:
«Vi sier ikke at middelaldrende, hvite, heteroseksuelle, mannlige politikere ikke kan kjempe for en politikk som gagner unge lesbiske innvandrerkvinner. Vi sier imidlertid at sjansene er store for at disse kvinnene har erfaringer og et blikk på verden disse mennene ikke nødvendigvis har tilgang til (..) Hvem som er politikere vil ikke minst påvirke hva som gjøres til politiske saker i utgangspunktet – hva som ses som politisk interessant og relevant.»[29]
Eit kommunestyre med eit stort fleirtal middelaldrande menn gjev neppe effektiv politikkutvikling når kommunane må finne svar på korleis dei kan tiltrekke seg unge kvinner, eller unge generelt. Den ferske rapporten «Likestilt lokalpolitikk? – en kunnskapsstatus» frå Institutt for samfunnsforskning syner til forsking som set manglande kvinnerepresentasjon i samanheng med kvinneflukt.[30] Svenske Jessika Wide såg i 2012 på utviklinga i norske kommunestyre i etterkrigstida, og fann at låg kvinnerepresentasjon heng saman med tradisjonelle kjønnsrollemønster, også når ein kontrollerer for det ho kallar politisk-institusjonelle forhold i kommunane. Ho hevdar strukturelle kjenneteikn på manglande likestilling kan være indikatorar på kor gode vilkår kvinner har i den aktuelle kommunen:
«Er det forholdsmessig få kvinner, kan det nemlig være tegn på at kvinner opplever at de må flytte fra kommunen fordi kommunen ikke kan tilby det de ønsker, f.eks. utdanning og jobb. Bak dette kan det ligge tradisjonelle verdisyn som oppleves å begrense den enkelte kvinnen.»[31]
Dette skaper ein vond sirkel: Wide slår fast at når kvinner flyttar, kan det virke negativt attende på likestilling i lokalsamfunnet.
LES OGSÅ: Dyrare dameklipp er lov
Motkultur på sitt beste?
«Norsk motkultur på sitt beste»[32], var skribent Elin Ørjasæter sin kommentar til Aftenpostens oppslag om heimeverande mødrer på Sørlandet i fjor. Oppslaget synte at mangelen på likestilling i Agder fekk negative konsekvensar for kvinnene sine levekår. Ørjasæter meinte Aftenposten nedvurderte kvinnene:
«Typiske «sørlandskvinner» mener altså (..) at de er hjemme fordi barna har det best da. Det er en påstand vi yrkeskvinner ikke tåler å høre. Hvorfor? Fordi vi er livredde for at det kan være sant.»[33]
Om det ikkje er snakk om norsk motkultur på sitt beste, er det i alle fall snakk om motkultur. Mange set også pris på den familieorienterte kulturen, og søkjer seg til den.
I sin studie av kvinneflytting såg ikkje Grimsrud berre på årsakene til kvifor kvinner flytta frå bygdene, men også kvifor andre flytta til. [34] Ho fann at den «kjerringkulturen» som nokre kvinner ville flykte frå, var tiltrekkande for andre:
«Bygdene gav rom for tradisjonelle familierelasjonar, og dei som flytta til bygda syns det var fint å kome vekk frå karrierejaget.» [35]
I praksis er det også desse kvinnene dei fleste kommunane med kvinneunderskot frir til, ifølgje Giskeødegård og Grimsrud. Dei peikar på «gode oppvekstvilkår» som det mest brukte argumentet for kvifor folk skal busette seg i kommunen, og at kommunane sine rekrutteringsstrategiar siktar seg inn mot barnefamiliar som føretrekk den kjønnstradisjonelle arbeidsdelinga.[36]
Rådmann i mørekommunen Vanylven, Andreas Nørve, synte til gode oppvekstvilkår då NRK i 2011 laga sak om kvinneunderskotet i kommunen.[37] Han vedkjente at kommunen hadde utfordringar. Sant nok var det at berre folketalet minka jamt og trutt, og at berre 145 av dei 3895 innbyggjarane i kommunen var kvinner mellom 20 og 29 år. Men likevel fanst det håp, meinte rådmannen: «Vi kan tilby det gode liv, trygghet for barn og unge, god eldreomsorg og et liv med mindre stress og jag».
Vi har høyrt det før. Rådmannen i Vanylven svarte det same som dei fleste lokalpolitikarar i Møre og Romsdal gjer når dei får spørsmål om korleis dei skal løyse utfordringa med kvinnefråflytting: Dette vil løyse seg sjølv. Sjå berre kor fint vi har det her.
LES OGSÅ: Banar veg for heltinner
Den maskuline norma
Sjølv om fylkeskommunen peikar på fleire likestillingsutfordringar i Møre og Romsdal[38], er det ikkje sikkert at kommunane deler problemforståinga. Giskeødegård og Grimsrud har kartlagt korleis kjønn er adressert i rekrutteringsstrategiane til kommunane Ålesund, Sykkylven og Halsa. Overraskande nok er det Ålesund som kjem dårlegast ut, trass storleiken. Det er stor kjønnsskeivheit i aldersgruppa 20-39 år, og dette blir satt i samanheng med etterspurnaden i arbeidsmarknaden:
«Sidan folk flest assosierer dei maritime næringane med barske mannfolk, fortel Ålesund indirekte kven som passer inn i byen sitt image og kven som ikkje gjer det. Profilen på utdanningstilbod og kanskje særlig kva type utdanningar næringa etterspør er også med å påverke dette inntrykket.»[39]
Ålesund opplever stor vekst, men har samstundes eit uttalt mål om å tiltrekke seg fleire innbyggarar med høgare utdanning. Forskarane kritiserer at Ålesund, trass stor kjønnsskeivheit, ikkje problematiserer dette i utviklingspolitikken sin. Kommunen får også kritikk for den «kjønnsnøytrale» politikken sin. Dei Giskeødegård og Grimsrud har snakka med slår fast at dei ser på kvinner og menn som grunnleggande like, og at det difor ikkje er behov for å «kjønne» verkemiddel og tiltak. Dette bidreg ikkje til likestilling, men tvert imot til at den mannlege norma blir halden ved like, hevdar forskarane. Den kvelande velviljen gjer seg gjeldande også her. Eit anna omgrep for dette er androsentrisme:[40]
«Mangel på kjønna strategi forsterkar kjønnsskeivheita i befolkninga fordi ein ser samfunns- og næringsutvikling som noko kjønnsnøytralt, medan den på mange måtar er prega av ei maskulin norm.»[41]
Både Sykkylven og Halsa får meir positiv omtale i rapporten. Sykkylven i kraft av å drive bevisst rekruttering av høgt utdanna, kvinnelege møbeldesignerar til den lokale industrien. Halsa fordi dei først og fremst fokuserer på å gjere kommunen til ein betre stad å bu for dei som alt bur der, i staden for ein rekrutteringsstrategi prega av desperasjon (som til dømes: «Vi søkk, kom og hjelp oss.»)[42] Kommunetilsette gav dessutan utrykk for at dersom dei skulle gå aktivt ut å søke etter unge kvinner med høg utdanning, kunne det sende eit signal til dei som budde i Halsa frå før om at dei ikkje var gode nok.
For Halsa kommune blir logikken slik: Dersom ein skal skape eit lokalsamfunn som er attraktivt også for unge kvinner, så må ein gjere det meir attraktivt for dei kvinnene som bur der frå før.
Skal ein kome dit, bør kommunane ta eit oppgjer med den «kjønnsnøytrale» lokalpolitikken. Likestillingspolitikk må få høgare prioritet. Rekruttering av kvinner til politiske verv, kampen for fleire heiltidsstillingar og utjamning av kjønnsskilnaden i utdanningsval er viktige saker i den samanhengen.
Næringslivet seier dei ønskjer seg fleire kvinner. Men det hjelper lite når det framleis er sterk kjønnsdelt søking innanfor yrkesfaga, og jentene på allmennfag flyttar vekk for godt.
LES OGSÅ: Nakensjokk som lynavleiar
Likestilling vs. Distriktspolitikk
Nasjonale politikarar har også ein jobb å gjere. Den raudgrøne regjeringa viste aldri vilje til å desentralisere offentlege arbeidsplassar. Det er vanskelig å forstå kvifor. Noko av det viktigaste dei raudgrøne partia kan gjere for å auke oppslutnaden i landsdelen er sannsynlegvis å gå inn for slik utflytting. Det ville sannsynlegvis trekke fleire kvinner med høgare utdanning til distrikta, og med det gje dei raudgrøne nye veljarar.
Historisk har likestillingspolitikk og distriktspolitikk blitt sett på som motsetnader. Giskeødegård og Grimsrud forklarer dette med at fram til kvinnesatsinga i distriktspolitikken kom på plass i løpet av 70- og 80-talet var mangelen på arbeidsplassar i distrikta knytt til menn sin mangel på arbeid.[43] At kvinner mangla arbeidsplassar var eit kvinneproblem, ikkje eit distriktsproblem.
I dag er ikkje problemet denne forelda forståinga av kjønn, men heller den kjønnsnøytrale tilnærminga til både rekruttering til – og likestilling i – distrikta. Det er heller ikkje treffsikkert. Giskeødegård og Grimsrud skriv at:
«Auka likestilling mellom kjønna har aldri vore eit sentralt argument for kvinnesatsinga i distriktspolitikken. Det har ikkje vore noko uttalt mål at ein skal satse på distrikta for kvinnene si skuld – eller for likestillinga si skuld.»[44]
Tvert imot held dei lokale styresmaktene fram med å sjå på unge kvinner som eit virkemiddel for distriktsutvikling. For min eigen del vil eg ikkje ønskjast velkomen heim til Mørekysten berre for at heimfylket skal nå bustadsmålet og unngå fødselsunderskot. I staden bør kommunane leite etter svar på korleis unge kvinner kan utnytte kompetansen dei har skaffa seg ute.
Vi er mange som lengtar heim.
LES OGSÅ: No er dei lei av sex-reklamar