Her får du vekas musikktips

Framtida
Publisert
Oppdatert 20.12.2018 14:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I denne musikk-spalta gir Jon Olav Sandal oss ei relativt ny låt, ei låt som har vore til stades ei stund, og ein spådom om kva som blir vår tids «Let it be» eller «Thriller».

Vekas nykomar

Rat Boy – Internationally Unknown

Låta eg har plukka ut denne veka er det ein 22 år gamal gut i frå Storbritannia som står for.

For sin unge alder har han ein relativt imponerande diskografi med to studio-album og ei rekke singlar og EP’ar. Produktiv type.

Det blir skrive at han driv med sjangrane hip hop og indie rock. For meg verkar dette som ein litt rar mix, men i låta Internationally Unknown synest eg han har klart det på ein god måte. Sjølv om den kanskje er meir mot indie rock enn hip hop, kan ein høre at der er nokre referansar mot det urbane.

Songen minner meg litt om opprør og den har ein del likheitstrekk med den gamle britiske punken, spesielt i vokalen. Det er rått og litt rufsete samstundes som det er ein god produksjon rundt det. Rett og slett ein god moderne form for punk som er retta mot pop- marknaden.

Eg får også veldig mange assosiasjonar av denne låta. Av ein eller anna litt absurd grunn tenker eg stadig at den kunne ha vore med i ei episode av Veronica Mars. Den unge detektiven på ein eller annan high school i USA. Antakelig ikkje heilt det mannen bak har tenkt, men den passar godt inn i tidlig 2000-tals amerikanske high school-estetikk. Artig og kul låt.

Les også: Vakker ny låt, Beatles og Beyoncé

Vekas gæmlis

Tom Waits – Burma-shave

Eg har ikkje særleg stort kjennskap til katalogen til Tom Waits. Men det eg kjenner til har eg eit veldig godt forhold til. Kanskje spesielt denne låta her.

Den er ein av dei siste spora på plata Foreign Affairs som er ein av dei tidlegare albuma til Waits. Ein kan høyre at stemma har blitt noko meir slik vi kjenner den i dag og ikkje fullt like rein og klar som på den første plata. Eg likar denne utgåva av Waits.

Det høyrest ut som han jobbar for kvar tone og det gir ein autentisk følelse. Han meiner det han syng.

Noko av det eg likar best i denne låta er pianospelet, som Waits står bak sjølv. Noko eg
innbiller meg at eg kan høyre. Det er liksom spelt på ein måte som berre komponisten sjølv
ville gjort.

Han fortel historia med pianospelet like mykje som han fortel den med stemma.
Det skadar heller ikkje at låta i seg sjølv er veldig vakker. Denne, slik som mykje av det andre eg fell for, har melankolske trekk og det passar veldig godt saman med den stemma han har.

Tom Waits speler Burma Shave live i 1986:

Vekas slager

Denne veka har eg lyst til å kome med ein spådom om ein framtidig norsk slager. Då går
turen sjølvsagt til Sondre Justad og «Riv i hjerte».

Låta som ein kanskje kan definere som gjennombrotslåta til Justad. Eg ser levande for meg ein 35 år gamal Jon Olav som lever seg inn i allsongen når den blir satt på. Ei fantastisk fin låt som gjer seg veldig bra til stort sett alle anledningar.

Artisten, som kom med sitt andre album i vår, har på relativt kort tid etablert seg som ein av dei større norsktalande artistane i vår tid her i Norge. Om ikkje den største.

I desse dagar fyller han hus på hus rundt om i Norge og det vil han nok fortsette med i mange år til. Eg er temmeleg sikker på at Justad vil ein dag stå som ein bauta i norsk musikk, litt som f.eks. Bjørn Eidsvåg, Anne Grete Preus eller Ole Paus.

Sondre Justad, Riv i hjertet:

Les også: Vekas musikktips