Bolsonaro med overlegen siger i første valrunde i Brasil

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Førehandsfavoritten Jair Bolsonaro frå Det sosialliberalistiske partiet (PSL) har fått ei oppslutning på 46,7 prosent av stemmene.

Bolsonaro, som på førehand har vore kalla Brasils Trump, låg godt an på meiningsmålingane før valet, men fekk større oppslutnad enn venta.

Medan motstandarane av Jair Bolsonaro robar #elenao, går forkjemparane under parola #elesim. Foto: Bernardo Speck, Flickr

Medan motstandarane av Jair Bolsonaro ropar #EleNao, går forkjemparane under parola #EleSim. Foto: Bernardo Speck, Flickr

Les også: Kva er eigentleg ein populist?

Ny valrunde 28. oktober

Sidan ingen av kandidatane fekk over 50 prosent av stemmene vert det ein ny valrunde 28. oktober.

Tidlegare utdanningsminister og ordførar av millionbyen São Paulo, Fernando Haddad, har teke over som Arbeidarpartiet sin presidentkandidat. Foto: Lula Marques/Agência PT

Tidlegare utdanningsminister og ordførar av millionbyen São Paulo, Fernando Haddad, har teke over som Arbeidarpartiet sin presidentkandidat. Foto: Lula Marques/Agência PT

Bolsonaro sin største utfordrar, Arbeidarpartiets (PT) Fernando Haddad, fekk 28,5 prosent av stemmene.

Haddad tok over for den tidlegare presidenten Luiz Inacio Lula da Silva. Han var førehandsfavoritt, men fekk ikkje stille til val fordi han sit fengsla for passiv korrupsjon.

Forskar ved Oslo Met, Einar Braathen, seier til NTB at han trur Bolsonaro vil få problem i neste runde.

– Etter mi mening er han ein dårleg politikar som er i liten stand til å få oppslutnad rundt politikken sin. Det blir spanande å sjå i andre valrunde av presidentvalet, kor det blir meir fokus på politikk og programma til partia, seier Braathen til NTB.

Les også: Det brasilianske demokratiet på veg mot ei usikker framtid

Laurdag 29. september vart det arrangert over 40 demonstrasjonar mot Jair Bolsonaro over heile Brasil under parolen #elenão (#ikkjehan). Foto: Caco Argemi CPERS / Sindicato

Laurdag 29. september vart det arrangert over 40 demonstrasjonar mot Jair Bolsonaro over heile Brasil under parolen #elenão (#ikkjehan). Foto: Caco Argemi CPERS / Sindicato