Få kvinner i Nord-Korea har politisk makt. Kim Jong-uns syster Kim Yo-jong er unntaket
Men i økonomien har kvinnene ein sterkare posisjon.

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Diktatorsyster blir Nord-Koreas mektigaste kvinne
Laurdag blei syster til Nord-Koreas leiar Kim Jong-un medlem i diktaturets politbyrå, landets høgaste politiske forsamling.
Verda veit lite om Kim Yo-jong. Ho er truleg 30 år gammal, men blei først gjort kjend i 2010 då ho deltok i det regjerande, kommunistiske arbeiderpartiets kongress. I følgje Aftonbladet forsvant ho frå mediebilete igjen fram til 2014, då ho skal ha styrt Nord-Korea mens broren låg sjuk.
Syskenparets far og tidlegare leiar av Nord-Korea skal ha fått born med fleire kvinner, men Kim Jong-un og hans lillesyster Kim Yo-jong delar både mor og far.
Meir makt til Kim Jong-un
Kva betyr det for omverda at enda eit medlem frå Kim-klanen har fått stor politisk makt?
– Det kan styrke Kim Jong-uns posisjon ytterlegare viss dei to syskena samarbeidar godt, forklarar Stein Tønnesson, Nord-Korea ekspert og forskar ved Institutt for fredsforskning (PRIO).
– Utnemninga representerar eit generasjonsskifte og dessutran ein modernisering av regimet. Kim Yo-jong ser nemleg ut til å handtera nye media godt. Det er dessutan mogleg at utnemninga ytterlegare styrkar stillinga til visemarskalk Choe Ryong-hae, som nokon betraktar som nummer to i Nord-Korea etter Kim Jong-un.
Ifølgje Tønnesson skal Kim Yo-jong også vera visemarskalk Choe Ryong-haes svigerdotter.
Få kvinner i politikken
Det er få kvinner i den nordkoreanske politikken, og til no har den mest kjende vore Kim Jong-un og Kim Yo-jongs tante, Kim Kyong-hui. Ho var gift med politikaren Jang Song-thaek, som Kim Jong-un henretta i 2013. Etter det mista den no 71 år gamle tanta mykje makt, og ifølgje Tønnesson rapporteres det no om at ho er alvorleg sjuk.
Saka held fram unde biletet

Familietreet til Kim Jong-il og hans avdaude kone Ko Yong-hui. Det er lite bilete av hans yngre syster Kim Yo-jong som no har fått plass i Nord-Koreas politbyrå. Foto: Flickr/CC-lisens
Også nyhendeopplesaren Ri Chun-hee er eit kjent ansikt. Ho har sidan 1971 lese opp nyhende for den statlege nyhendekanalen, ofte med sterk, emosjonell innleving.
Kvinnedominert økonomi
– I prinsippet har Koreas Arbeidarparti gått inn for kvinners likestilling, men både Nord- og Sør-Korea er framleis sterkt mannsdominert, seier Tønnesson.
Trass i at kvinner har lite politisk makt, meiner han at kvinner har ei sterk stilling i økonomien.
– I midten av 1990-åra braut den statlege planøkonomien saman, og sidan då har ein svart, og i prinsippet illegal, marknadsøkonomi dominert. I denne økonomien har kvinnene ei leiande rolle. Det betyr at dei ofte reisar meir, bruker nye medium meir aktivt og får breiare erfaringar enn menn. Det har også slått ut i ein sterk kvinnedominans blant dei som flyktar til Kina og dei som kjem seg vidare til Sør-Korea, forklarar han.
Jobbar utan løn
I 2015 tente nordkoreanske kvinner meir enn 70 prosent av inntekta i heimen, trass i at dei berre utgjer rundt halvparten av dei 12 millionar arbeidarane i landet. Ein av grunnane til at kvinner tener meir er fordi menn flest jobbar i dårleg betalte, statlege jobbar eller i militæret.
I følgje Je Son-Lee, ei nordkoreansk kvinne som forlot landet i 2011, er det forventa at menn skal gå på jobb kvar dag, sjølv om dei ikkje får betalt.
– Det er sett som passande og ideelt at menn følgjer denne politikken som det nordkoreanske arbeidarpartiet har bestemt, sjølv om familien ikkje har noko å ete, skriv ho i The Guardian.
- FÅ OGSÅ MED DEG: – Onkelen min er Kim Jong-un
Kvinners rettar i Nord-Korea
- Etter den kommunistiske revolusjonen og Kim Il-sungs overtaking av landet i 1946 blei det etablert fleire lover som skulle frigjere kvinner frå det gamle, mannsdominerte samfunnet.
- Organisasjonen Den nordkoreanske demokratiske kvinneunionen blei også etablert i 1946 for å sikre kvinners rettar.
- Likevel har ikkje nordkoreanske kvinner oppnådd same status som menn. Kvinner blir meir brukt som eit symbol på revolusjonens suksess i staden for ei forplikting til å ende undertrykking av kvinner.
Kjelde: «Women and Revolution in North Korea» av Kyung Ae Park (Pacific Affairs, vol. 65, No. 4, 1992-1993).