Are Kalvø på bestseljarlista

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I slutten av september lanserte Are Kalvø «Hyttebok frå helvete», der han tek eit oppgjer med frilufshysteriet.

Boka, som er gitt ut på Kagge forlag, har no segla opp på tredjeplass på bestseljarlista til Bokhandlerforeningen.

På Instagram vågar Kalvø seg på litt snikskryt:


På toppen av lista for veke 39 tronar nemleg bloggar Anniken E. Jørgensen, kjent under bloggnamnet «Annijor», si omdiskuterte bok Bare en natt til. Ho held med dette førsteplassen frå veka før.

På andreplass kjem Gunhild A. Stordalen og Jonas Forsang sitt bokprosjekt, Gunhild A. Stordalen: Det store bildet.

Også andreplassen held seg stabilt, medan Kalvø har klatra frå ein niande til ein tredjeplass.

I samband med lanseringa turnerer Kalvø i desse dagar landet rundt. Fram til 1. desember skal han innom 35 stader frå Kristiansand i sør til Trondheim i nord

Den alternative hytteboka er òg seld til Sverige, Danmark, Tyskland og Nederland.

Les også: Are Kalvø meiner fjellheimen er oppskrytt