Nihon Hidankyō vinn Nobels fredspris: – Aldri vore viktigare

Nobelprisen for 2024 går til den japanske organisasjonen Nihon Hidankyō for arbeidet deira for offera etter bombinga av Hiroshima og Nagasaki, og mot avskaffing av atomvåpen.

Åshild Slåen
Publisert

– Det er veldig gledeleg å sjå at Nihon Hidankyō får fredsprisen. Det har kanskje aldri vore viktigare i ei tid når trugslane om atomvåpen haglar.

Det seier Philippe Bédos Ulvin på telefon til Framtida berre minutt etter prisvinnaren vart kunngjort.

Portrett Philippe Bédos Ulvin | Foto: Nei til Atomvåpen

Han er talsperson for organisasjonen Nei til atomvåpen, og meiner Nihon Hidankyō er ein av dei viktigaste organisasjonane i nedrustingssaka.

– Atomvåpenet er det absolutt verste våpenet. Vi veit det fordi hibakushane (red. anm. overlevande etter bombinga av Hiroshima og Nagasaki) har reist rundt i verda for å fortelje denne historia.

Nesten 80 år sidan bombinga

Nihon Hidankyō er ein organisasjon som vart oppretta i 1956. Sidan då har dei pressa japanske styresmakter for å betre støtta til offera etter bombinga av Hiroshima og Nagasaki. Dei har også jobba for nedrusting av atomvåpen.

– Det er ein av dei absolutt viktigaste organisasjonane, seier Ulvin.

Han meiner nedrustingsdebatten ikkje ville vore den same utan vitnesbyrdet frå offera.

– Det er snart 80 år sidan åtaka mot Hiroshima og Nagasaki. Då er det utruleg viktig at vi ikkje gløymer historia frå dei overlevande som minner oss om kor forferdeleg konsekvensane er.

Også leiaren av nobelkomiteen, Jørgen Watne Frydnes, trekker fram kor viktig det er å hugse konsekvensane av atomvåpen når dei blir brukt som trugselmiddel.

– I verdshistoria vi er i akkurat no, er det derfor verd å minne oss om kva atomvåpen er: Det mest øydeleggjande våpenet verda nokon gong har sett, seier han ifølgje NTB.

Samanliknar situasjonen i Gaza med 2. verdskrig

Til høgre er Toshiyuki Mimaki, leiaren av Nihon Hidankyo, på ein pressekonferanse etter kunngjeringa om at organisasjonen vann Nobels fredspris. Foto: Moe Sasaki/Kyodo News via AP

Leiaren av organisasjonen, Toshiyuki Mimaki, overlevde bombinga av Hiroshima som 3-åring. Han seier ifølgje NRK at han aldri kunne drøymt om å vinne fredsprisen.

Mimaki samanlikna også situasjonen til barna på Gazastripa med korleis barn i Japan hadde det på slutten av 2. verdskrig.

– Det er som i Japan for 80 år sidan.

Ber Noreg om å gjere meir

Amanda Hylland Sjeldnæs, leiar for Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom, trekker også fram Ukraina sin offensiv inn i Russland som eit eksempel på at atomvåpen ikkje alltid er avskrekkande.

– Trugselen om bruk av atomvåpen blir stadig større. For berre nokre veker sidan åtvara FNs generalsekretær António Guterres om at geopolitisk spenning og mistillit har eskalert faren for atomkrig til det høgaste punktet på tiår, skriv ho i ein e-post til Framtida.

Leiar i Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom, Amanda Hylland Spjeldnæs. | Foto: Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom

Ho meiner Noreg bør gjere meir for nedrusting.

– Vi krev at Noreg tek ei meir aktiv rolle i arbeidet for ei verd fri for atomvåpen. Noreg må signere FNs atomvåpenforbod og legge press på Nato og atommaktene til å gjere det same.

Utdeling i desember

Nobels fredspris blir delt ut i desember i Oslo. Ulven frå Nei til Atomvåpen kan ikkje seie enno nøyaktig korleis dei skal markere prisen.

– Vi kjem til å feire dette stort, og kjem til å markere det stort.

Han omtaler det som eit høve til å samle nedrustingsrørsla.

– Det er viktig å spreie denne kunnskapen og halde denne debatten gåande, og det hjelper med ein klapp på skuldra frå Nobelkomiteen.