– Nordmenn er redde for å miste naturopplevingar
Det har komme inn mange forslag til ei ny raudliste for trua naturopplevingar, blant dei skogturar i nærområda, breturar på fjellet og krabbefiske i strandkanten.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
WWF Verdens naturfond og Norsk Friluftsliv gjennomfører for tida kampanjen Verdt å bevare. Dei skal lansere ei raudliste over trua naturopplevingar basert på forslaga dei samlar inn.
– Mange nordmenn er redde for å miste naturopplevingar dei set stor pris på, seier Bård Vegar Solhjell i WWF i ei pressemelding. Han meiner kampanjen har treft ein nerve, og peikar på at dei har fått forslag frå Hammerfest i nord til Kristiansand i sør.
Les også: – Vi fjernar oss frå naturen sånn at vi blir sjuke
Stille i naturen
Kampanjen skal vise korleis endringane i natur og livsstil påverkar naturopplevingane våre.
– Rike naturopplevingar er utruleg viktige for veldig mange her i landet, seier generalsekretær Lasse Heimdal i Norsk Friluftsliv, og trekker fram at ein fellesnemnar for mange av nominasjonane er behovet for å oppleve stille.
Kampanjen skal samle inn forslag fram til 10. oktober, før ein frittståande jury skal setje saman den første norske raudlista for trua naturopplevingar. Juryen blir leia av forfattar og journalist Sigri Sandberg, som får selskap av Kari Toft, Dag O. Hessen, Malin Jacob og Knut Brevik.
Les også: Ny app gjev turgåarar høve til å verte klimaforskar