Sjå Liv Signe sine revestrekar

Liv Signe Navarsete med råd til korleis ein luskar og korleis revar lokker til seg høner.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kommunal- og regionalministeren fekk uvante oppgåver i Det norske Teatret tidlegare i veka, før ho skulle dela ut prisen for beste årets nynorskkommune. Forfattaren Arnfinn Kolerud trong hjelp til å framføra ein dialog mellom ei revemamma og ungen hennar i eit nyskrive drama.

– Eg går ikkje lågare ned enn statsrådsnivå, sa Kolerud, og Liv Signe Navarsete måtte opp på scena.

Framtida.no fanga Navarsete på mobilvideo, og har no lagt ut videoen på Youtube. Tida vil visa om ho tek innpå revestrekane til Ylvis. Tidlegare i dag passerte Ylvis 83 millionar visningar av sin revevideo på Youtube.

LES OGSÅ: Høyr kva reven eigentleg seier

Les siste nytt om Ylvis og Liv Signe Navarsete her!

I scena får du mellom anna høyra kveldsbøn for rev og råd for lokking av høner:

Her ser du revevideoen til Ylvis (på engelsk og revemål):