Bokassa skal varma opp for Metallica: – Uverkeleg

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert hjå Porten.no.

Årdal: – Fy f… Dette er på ein heilt annan skala enn noko vi har opplevd før. Det er vanskeleg å sette ord på, seier Bård Linga, årdølen som er bassist i det Trondheim-baserte bandet Bokassa.

Måndag denne veka kunne dei avsløra på si eiga Facebook-side at dei skal varma opp for Metallica på deira europaturné neste vår og sommar. Den startar i Lisboa i mai og sluttar i Mannheim i Tyskland i august.

Til saman skal dei spela i 24 europeiske storbyar, pluss ein konsert på heimebane i Trondheim.

Bård Linga spelar bass i bandet. På kulturskulen i Årdal han tok sine første steg i musikklivet. Foto: Aleksander Eilertsen

Bård Linga spelar bass i bandet. På kulturskulen i Årdal han tok sine første steg i musikklivet. Foto: Aleksander Eilertsen

– Det er blir ein stadionturnè med arenaer som tek mange tusen, opptil tjue, tretti, førti tusen. På våre eigne konsertar dreg me kanskje eit par hundre, litt meir på festivalar, kanskje, seier Linga.

Les òg: Ei mislukka tenniskarriere vart starten på Metallica

Skal spela for titusenvis

Bokassa albumdebuterte med «Divide & Conquer» i 2017. Det heile tok av i januar då dei fekk dei skryt av Metallica-trommis Lars Ulrich.

– Dette er min favoritt blant nye band. Dei er utruleg kule. Eg har høyrt nesten heile det nye albumet og alle sangane er på eit eige nivå, sa Ulrich, minus eit par banneord, i radioprogrammet han leiar.

Høyr skryten her (artikkelen held fram under): 

Godorda gav god drahjelp inn mot festivalsommaren for dei ferske musikarane. Men derifrå til å verta oppvarmingsband er eit heilt nytt steg, og vil opna opp moglegheiter dei ikkje hadde turt å drøyma om.

– Det betyr alt, eigentleg. Me vil bli eksponert for eit heilt nytt og mykje større publikum. Det er ganske uverkeleg, seier Linga.

Han har så vidt rokke å reflektera over korleis det blir å stå framfor slike menneskemengder.

– Det som er litt skummelt er at dei fleste, om ikkje alle, er der for å sjå Metallica. Me blir nøydde til å jobba hardt for å få respons frå så mange. Men det blir sjukt artig, seier Linga.

– Vil læra mykje

I tillegg til at det blir ei stor oppleving, trur årdølen at bandet vil plukka opp nokre triks frå turnékameratane.

– Dei driv jo i ein heilt anna skala enn me er vande med, så å få vera midt oppi det trur eg me vil læra veldig mykje av, seier Linga.

Han veit ikkje kor tett dei vil koma på rockelegendene, men reknar med det blir noko mingling i allefall.

Stort for Linga, enno større for dei to bandkameratane som har vore blodfans av Metallica sidan barndomen.

– For oss som band er dette utruleg stort. Det er folk ein alltid har sett opp til som no tek deg inn i varmen. Det er uverkeleg, seier Linga.