Metallica 35 år

Anette Fadnes Marcussen
Publisert
Oppdatert 27.09.2018 15:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Metallica starta den 28. oktober 1981, i Los Angeles, då Lars Ulrich posta ein artikkel i ei avis, der det stod at han ville starte eit band.

Lars hadde flytta frå Danmark til L.A. for å fortsette tenniskarrieren sin. I Danmark var han nemlig på topp 10-lista i tennis, men i L.A. var han ikkje på topp 10 i nabolaget ein gong, derfor bestemte han seg for å gjere noko ut av hobbyen sin, som var å spele trommer.

James Hetfield svarte på artikkelen, og han blei bandet sin nye vokalist.

Saman med bassisten Ron McGovney og sologitaristen Dave Mustaine, blei dei Metallica.


Medlemmane i Metallica. Foto: Flickr

Ron McGovney var den første som forlata bandet. Han blei uvenner med Dave Mustaine, og ville ikkje spele saman med han meir. No trengte Metallicaein ny bassist. Han fann dei på ein konsert med bandet «Trauma» i 1982. Namnet hans var Cliff Burton, og i følgje James og Lars, stal han showet, som var ganske uvanleg for ein bassist. Cliff Burton ville vere med i bandet på ein betingelse: at dei flytta frå L.A. til San Fransisco Bay Area, så det gjorde Metallica.

LES OGSÅ: – Prisen til Dylan er ein siger for songlyrikken

Dei fire første albuma
Bandet hadde planlagt ei stund at det første albumet dei skulle gi ut, skulle heitte «Metal Up Your Ass», som var Dave Mustaine sin ide. Men då bandet sparka Dave ut av bandet, endra dei tittelen til «Kill ‘Em All». Kirk Hammett tok Dave sin plass i bandet same ettermiddag.

«Kill ‘Em All» blei gitt ut 25. juli 1983, med populære songar som «Jump In the Fire», som var skriven av Dave Mustaine då han var 13 år gammal, og «Seek & Destroy».

Metallica blei raskt kjente, og i 1984 ga dei ut «Ride the Lightning», som kanskje er eit av deira mest kjente album. På Ride the Lightning er det songar som «For Whom the Bell Tolls» og «Fade To Black», er ein av bandet sine mest kjente balladar. Den siste songen på albumet var den instrumentale «The Call of Ktulu», som og var skriven av Mustaine.

Til saman fekk Mustaine kredittering for seks av Metallica sine songar: «The Four Horsemen» (som er ein treigare versjon av Megadeth sin «Mechanix», som blei gitt ut på debutalbumet deira, «Killing Is My Business» i 1985), «Jump In the Fire», «Phanton Lord», «Metal Militia», «Ride the Lightning» og «The Call of Ktulu». Ein liknande versjon av The Call of Ktulu kan bli høyrt på den remastra versjonen av Megadeth sitt sjette studioalbum «Youthanasia», med tittelen: «Absolution».

Debutalbumet: «Kill ‘Em All». Foto: Flickr.

LES OGSÅ: Datarakel er einaste jenta i klassen

Metallica sitt tredje album, «Master of Puppets», blei gitt ut i 1986, og var det siste albumet Cliff Burton spelte på. Turbussen medlemmene satt i, køyrte gjennom Sverige då den plutseleg sklei av vegen. Cliff blei kasta ut av vindauget, og Burton døydde då bussen landa oppå han.

Dave Mustaine sitt nye band «Megadeth», ga ut songen «In My Darkest Hour», inspirert av Burton’s død. Den kom ut på det tredje albumet deira: «So Far, So Good… So What!»

Master of Puppets blei ein stor suksess, og var det første thrash-metal albumet som solgte til platina. Albumet inneheld mange av hittane til Metallica, inkludert «Battery», «Master of Puppets» og «Welcome Home (Sanitarium)».

Nok ein gong trengte Metallica ein ny bassist. Dei hadde audition med over femti musikarar, inkludert David Ellefson frå Megadeth. Jason Newsted var den siste i køen, men til slutt enda han opp med å få jobben som Metallica’s nye bassist.

Den første plata Jason spelte på heitte «… And Justice For All», og blei gitt ut i 1988. Den største hitten frå albumet heitte «One», og var i tillegg Metallicasin første offisielle musikkvideo. I videoen kan du sjå klipp frå filmen «Johnny Got His Gun», frå 1971, som og var inspirasjonen bak songen.


«One», frå albumet «…And Justice For All» (1988)

Her går det nedover
Seinare, i 1991, ga bandet ut det sjølvtitla albumet, som blant fans blir kalla «The Black Album», på grunn av at coveret er heilt svart, med eit utydeleg bilde av ein slange og Metallica-logoen. Fans reagerte ulikt på dette albumet: Metallica hadde forandra seg veldig. Nokre blei veldig skuffa, mens andre faktisk likte albumet. I tillegg fekk Metallica mange nye fans. Den største hitten på albumet er truleg «Enter Sandman», men balladen «Nothing Else Matters» har og blitt veldig populær.

Etter dette har mange tidlegare Metallica fans slutta å høyre på bandet. Grunnen til det er at Metallica blant anna bytta til ein annan sjanger, det var ikkje lenger «thrash», men berre rock. Dei neste albuma var «Load», og med oppfølgjaren eit år seinare, kom «ReLoad». Desse albuma var langt i frå så populære som dei tidlegare, sjølv om dei solgte godt.


«Until It Sleeps», frå albumet «Load» (1996)

Det neste albumet var «Garage Inc.», som berre inneheldt coverlåtar. Mange av dei var nyinnspelte songar som bandet hadde covra på 80-talet. Dette var det siste albumet Jason Newsted spelte på, før han forlét bandet.

Mykje verre
Metallica hadde byrja å krangle mykje meir, og det gjekk sterkt utover musikken. Dei bestemte seg for å ansette ein terapist som skulle hjelpe dei å kome overeins. Dette synest Jason var idiotisk. Han meinte at dei hadde allereie kome seg gjennom nokre forferdelege tider, og så kunne dei ikkje kome seg over noko så dumt som dette? Derfor forlét han Metallica til fordel for bandet «Echobrain». Dette gjorde ikkje saka betre for Metallica. Faktisk blei det mykje verre.

Av dette store dramaet, bestemte dei medlemmene som var igjen seg for å lage ein dokumentar. Dette blei til filmen «Some Kind of Monster». Dokumentaren viser klipp frå innspelinga av det neste albumet «St. Anger», intervju med diverse personar, blant anna Dave Mustaine og Jason Newsted. Og terapi. Masse terapi.


«Some Kind of Monster», frå albumet «St. Anger», blei laga ut i frå dokumentaren «Some Kind of Monster» (2004)

I året 2000 saksøkte Metallica Napster. Napster er ein nettstad der ein kunne lasta ned musikk ulovleg. Lars Ulrich leda heile greia, og vant til slutt. Napster måtte betala alt dei skyldte, og stenga ned.

Men endå trengte dei ein ny bassist. Dei heldt mange auditionar, og kom fram til Robert Trujillo, som tidligare har spelt med Ozzy Osbourne og Suicidal Tendencies. Albumet «St. Anger»  kom ut etter det. Dette albumet, som dei siste, blei tatt imot på forskjellige måtar. Det neste albumet, «Death Magnetic», blir rekna for å vera Metallica’s dårlegaste album, i tillegg har det blitt sagt at det har dårleg lydkvalitet.

Tilbake på topp
Men Metallica fortsetter å imponera likevel. Den 18. november i år kjem det nye albumet «Hardwired… To Self-Destruct» ut, og kanskje har du høyrt eit par songar frå det allereie?

Rykta seier at Metallica har «henta seg inn igjen», og gått tilbake til den gamle, og alltid klassiske, thrash-metal stilen sin. Me får sjå korleis det blir tatt i mot. Eg gler meg vertfall.


«Hardwired», frå det nye albumet «Hardwired… To Self-Destruct», som kjem ut i november.

Så gratulerer med 35-års jubileumet, Metallica!

LES OGSÅ: Kent 1990–2016: Ikkje som dei andre