Utøya-film er nominert til storpris

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Erik Poppes film «Utøya 22. juli» er nominert til European University Film Award (EUFA) 2018.

I starten var 48 filmar nominert til den gjeve prisen. Blant dei var Iram Haqs «Hva vil folk si», som er året norske oscarkandidat.

Tysdag vart det klart at Erik Poppes «Utøya 22. juli» framleis er med som éin av fem kandidatar på kortlista til European University Film Award (EUFA) 2018.

Les også: Kan eigne castingprisar løfte fram kvinner i filmbransjen?

Dei andre nominerte er:

  • «Foxtrot» (Israel, Tyskland, Frankrike, Sveits), manus og regi av Samuel Maoz
  • «Happy AS Lazzaro» (Italia, Frankrike, Tyskland, Sveits), manus og regi av Alice Rohrwacher
  • «Styx» (Tyskland, Austerrike), med regi av Wolfgang Fischer
  • «Tarzan’s testicles» (Romania, Frankrike), med regi av Alexandru Solomon.

Dei nominerte filmane skal no opp til vurdering ved 23 universitet i 23 land, og kvar institusjon skal velje sin favoritt.

Den endelege vinnaren kåres under European Film Awards i Sevilla i desember.

Les intervju med regissør Erik Poppe her!