Utøya-film: Vil prøve å vekkje vårt kollektive minne

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 17.02.2018 08:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Film følgjer Utøya-terroren minutt for minutt

Saman med skodespelarane presenterte Poppe filmen «Utøya 22. juli» på ein pressekonferanse onsdag. Filmen er den første om det brutale angrepet på Utøya 22. juli 2011. Blant dei etterlatne og overlevande har meiningane vore svært delte om prosjektet, og mange meiner filmen kjem altfor tidleg.

69 menneske, dei fleste ungdommar, blei drepne i terrorangrepet Anders Behring Breivik utførte mot sommarleiren til AUF på øya.

Poppe seier han har jobba tett med dei berørte for å høyre om deira motførestillingar, for å sjå om ein kunne ta omsyn til dei.

– Mange har vore redde for at det skulle bli ein rein underhaldningsfilm, og det er det absolutt ikkje. Andre har vore tydelege på at filmen ikkje måtte pakkast inn som ei «tru, håp og kjærleikshistorie». Det har vi heller ikkje gjort. Å lage noko fiktivt ut av dette som ikkje tok vare på den ufattelege grufullheita som det faktisk var, ville vore heilt feil, seier Poppe til NTB.

Skodespelar Andrea Berntzen (i midten) og regissør Erik Poppe under pressekonferansen om filmen «Utøya 22. juli». Foto: Tore Meek / NTB scanpix

Unge og ukjente skodespelarar

Filmen er plukka ut til hovudprogrammet under den prestisjefylte filmfestivalen i Berlin og blir vist der for første gong måndag neste veke. Norsk premiere er 9. mars.

I den første delen av filmen blir sjåarane kjende med ubekymra ungdommar på leir, som flørtar, tullar og er engasjert i politikk. Så kjem Breivik til øya, og sommarleiren blir omgjort til eit mareritt. I resten av dei 72 minutta filmen varer – om lag like lenge som det reelle terrorangrepet varte – følgjer filmen flukta og dødskampen til ungdommane.

Hovudpersonen i filmen er 19 år gamle Kaja som desperat leitar etter veslesystera si under angrepet. Rolla blir spelt av Andrea Berntzen frå Oslo. Under pressekonferansen blei ho og dei 13 andre unge hovudrolleinnehavarane presenterte. Alle unge og ukjente fjes – henta frå heile landet – akkurat slik leirdeltakarane på sommarleiren var. Poppe vil enno ikkje gå ut med kven som spelar Anders Behring Breivik.

Berntzen seier ho sjølv var 13–14 år da angrepet skjedde i 2011, og at ho ikkje hugsar så mykje frå sjølve dagen, anna enn at ho var redd.

– Det er først dei seinare åra at eg har begynt å reflektere mykje meir over hendinga og kor fælt det var. Eg er 19 år no, og det var gjennomsnittsalderen på dei som var ute på øya den dagen. Eg har alle moglegheiter framfor meg, og det gjer veldig inntrykk å vite at ungdommar som meg blei fråtekne moglegheita til å leve, seier Berntzen.

Dei unge skodespelarane i alderen 15 til 21 år hadde tilgang på psykologar og anna støttepersonell under innspelinga, og kvar innspelingsdag blei avslutta med samtaler og debrifing.

Skodespelar Andrea Berntzen har hovudrolla i filmen til Erik Poppe «Utøya 22. juli». Foto: Tore Meek / NTB scanpix

Spelt inn med eitt opptak

Innspelinga blei gjort på fem dagar i september, og kvar einaste dag blei heile filmen tatt opp i éi einaste tagning.

–Skodespelarane fekk beskjed om at dei skulle gå inn i ein boble og vere der i dei neste 90 minutta. Det har vore krevjande for alle skodespelar, seier Poppe, og roser innsatsen til dei unge skodespelarane.

Filmen har berre fiktive karakterar, men byggjer på summen av dei forteljingane til dei overlevande om kva som skjedde på øya. Filmskaparane har gjort ei rekke djupneintervju med overlevande, og fleire overlevande har fungert som konsulentar for filmen.

– Vi meiner det var etisk meir rett å fortelje ei fiktiv historie. Vi ville fortelje historia utan at ei mor eller far leitar etter om det er historia til deira son eller dotter som blir fortalt, seier regissøren

– Ved at det ikkje er nokon spesifikke historier, kan det vere alle si historie, seier Poppe.

Poppe seier målet hans med filmen er å vekke det kollektive minnet vårt om kva som faktisk skjedde 22. juli og få fokuset tilbake til dei som var dei verkelege offera. Han meiner det er noko samfunnet i stor grad har mista av syne i åra som har gått. (©NPK)