Rapport: Berre tre av ti politibetjentar er kvinner
Kjønnsbalansen i politietaten har aldri vore jamnare, men framleis er det overvekt av mannlege betjentar.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Etaten skriv sjølv at det aldri har vore betre kjønnsbalanse i politiet enn no. Ved utgangen av 2017 var 46 prosent av alle tilsette i politiet kvinner, ein auke på 1,5 prosentpoeng sidan 2013, viser ein personalrapport frå Politidirektoratet.
For tilsette i politistillingar har det vore ein auke frå 27 prosent kvinner i 2013 til 31 prosent i fjor.
Politihøgskolen har jobba målretta gjennom fleire år for å auke talet på kvinner som tar politiutdanning. Politihøgskuleopptaket for 2017 viste den høgste kvinnedelen nokosinne med heile 46 prosent kvinnelege studentar, står det i rapporten.
Les også: Rekordmange kvinner vil bli politi
Det går også det fram at det ved utgangen av 2017 var 32 prosent kvinnelege leiarar, etter ein auke på 2 prosentpoeng frå utgangen av 2016.
I planperioden (2017–2022) er målet 30 prosent kvinnelege leiarar i politistillingar og 40 prosent kvinnelege leiarar totalt, står det i rapporten.
Ved utgangen av fjoråret var det 16.500 årsverk i politiet, ein auke på omtrent 2.200 årsverk sidan utgangen av 2013. Auken har særleg komme i form av fleire politiårsverk ute i distrikta.