Tidlegare kunne ein forfattar berre dukke opp i klasserommet med boka under armen og det var i grunnen nok. Det er det ikkje lenger.

Kjartan Helleve, Norsk Tidend
Kjartan Helleve, Norsk Tidend

Saka var først publisert i Norsk Tidend.

Biblioteket i Nannestad ligg i eit gamalt kjøpesenter. Ein forretningside slo tydelegvis feil, og no har kommunale verksemder teke plass i dei gamle butikklokala. Men det er uråd å sjå. På 80-talet bygde ein ikkje prangande litteraturhus og bibliotek. Difor er det fort å tenkje at desse lokala var bygde til dette føremålet. Dei gjer i alle fall nytten. Bokhyllene er plasserte på hjul, og om det skal vere store tilskipingar, kan ein rydde plass til publikum. Som rett nok må sitje rett på steingolvet, men ingen har sagt at det skal vere lett å vekse opp i 2016.

LES OGSÅ: Nye forfattarar publiserer bøkene sine sjølv 

For ei stor tilskiping er det. Biblioteket har samarbeidd med både ungdomsskulen og den vidaregåande, og snikra saman opplegget «Ungdom. Litteratur. Bibliotek.», som fint summerer opp innhaldet. Forfattarane Sigbjørn Mostue, Lise Forfang Grimnes og Lars Mæhle vart før jol inviterte til å snakke om bøkene sine. Biblioteket fekk stønad frå Fritt Ord og kjøpte klassesett med dei aktuelle bøkene. Elevane skulle så velje kven dei ville lese, og no i januar er forfattarane inviterte attende til eit bokbad. Eit utval elevar skal spørje ut forfattarane, og dei andre skal vere publikum. Berre bokbadarane får sitje på stolar.

I utgangspunktet skulle dei ha eit slikt bokbad kvar. Men svært mange elevar valde Mostue, og ganske få Grimnes og Mæhle. Difor får fyrstnemnde to økter bokbading, medan dei sistnemnde må dele på éi.

Det er på håret for Mostue. Han vakna såpass sjuk at han stod med telefonen i handa for å ringje biblioteket og melde avbod, men beit tennene saman. Etter to rundar med fullpakka golv og gode spørsmål, er det tydeleg nok for han. Han står over invitasjonen om lunsj, set seg i bilen og køyrer i retning av senga.

TEST DEG SJØLV: Ta bok-blir-film-quizen! 

larsmahleNT2alle

Bokbad
Grimnes og Mæhle blir derimot med ei handfull tilsette ned i eit triveleg, men litt småkaldt lunsjrom. Ein omn blir slegen på. Praten går om kor vidt dette påbygget kom medan dette var eit butikklokale, eller om det var seinare. Dei når ein liten runde på om kor vidt kattar har eigarar eller om det er katten som har slavar, før det er på tide å rigge seg til oppe.

Den fyrste puljen elevar har gått, ein ny er på veg inn. Dei ivrigaste tek ein runde til. Grimnes og Mæhle blir plasserte framme, med fire-fem elevar på sida av seg. Det er desse elevane som skal spørje dei ut. På slaget er samtala i gang, Grimnes er fyrst i leden. Nokre elevar sit rett ved sida av henne, og dei stiller spørsmål etter tur.

– Me lurte på om nokon av karakterane i boka di er basert på folk du kjenner?

Manuset går vidare til neste elev.

– Korleis taklar du negative tilbakemeldingar?

Og vidare.

– Om boka di skulle blir ein Hollywoodfilm, kven skulle spelt hovudrolla?

Det er openbert at dei både har lese boka, og at dei har samsnakka om kva spørsmål som skal vere med.

Etter tjue minutt er det Lars Mæhle sin tur. Det går to spørsmål, før det uunngåelege kjem.

– Kvifor skriv du på nynorsk?

Mæhle svarar godt og entusiastisk. Den litt stillfarne nordmøringen blir ein annan person på scena.

– Jo, det skal eg fortelje dykk, seier han, og fortel om korleis han vaks opp med bokmål, det var det han lærde i skulen. Han skreiv ei rad bokmanus som alle vart refuserte. Då han gjorde eit forsøk på å skrive nynorsk, så vart forlaga interesserte med det same, og manuset vart til Keeperen til Tunisia. Rådet hans er å lese nynorsk, bli van med språket.

Men det verkar som om nynorskspørsmålet kom såpass tidleg berre for så skyfle det unna. Elevane som spør ut Mæhle, er mest opptekne av Bouvetøya 2052, dei trekkjer parallellar til Hunger Games-bøkene, spør om miljøproblematikk og om kor vidt han har blitt meir politisk i skrivinga si.

Så er det dags for spørsmål for salen. Ein gut i treningsdrakt rekkjer opp handa.

– Du sa at ein kunne bli betre til å skrive nynorsk ved å lese nynorske bøker. Gjeld det same om ein vil bli betre til å skrive bokmål?

Etter tre kvarter byrjar elevane på golvet å rasle med jakkene sine.

LES OGSÅ: Mæhle skriv om klimakamp på død og liv 

Elevane betre førebudde
– Det fine med slike bokbad, er at elevane stort sett har lese boka di, fortel Mæhle. 

– Det er ikkje alltid tilfelle. Det er stor skilnad på kor godt førebudd ein klasse er. Nokre gonger er det fantastisk, alle har lese boka, og stiller med førebudde spørsmål som i dag. Andre gonger er det ingen som har lese henne.

Han fortel at det å møte lesarane har endra seg i løpet av dei ti åra han har vore på vegen. I byrjinga var det helst å kome til ein klasse, lese ei stund og så reise att. Slik er det ikkje lenger.  

– Det er ein hard kamp om merksemda, dette er folk som er vane med at det skifter fort. Dette er ungar som er vane med å skifte fokus fort, klikke seg vidare til den neste saka. Difor må du som formidlar, spegle det i opplegget ditt. Du skal vere god om du greier å halde på merksemda ein heil skuletime. Det nyttar ikkje å kome berre for å lese høgt frå boka. Då blir dei rastlause etter fem minutt.  

– Kva gjer du?

– Det må skje noko, du må ha eit opplegg. Eg plar veksle litt mellom å utfordre elevane til å skrive, gje dei nokre små oppgåver, medan eg fortel litt om mine bøker og korleis kan ein byggje opp spenninga i ei forteljing.

– Og det får du elevane med på?

– I utgangspunktet er dette ein takknemleg jobb, og responsen er stort sett god. Det einaste er i visse klassar på vidaregåande, der nokre elevar ikkje føler at det eg held på med, er relevant. Mange er veldig opptekne av at det berre er det som står på pensum, ein skal bruke tid på. Då kan ein merke ein viss motvilje. Men etter at kreativ skriving kom inn i læreplanen, så er det blitt meir skrivekurs og slikt.  

– Er du glad i denne delen av yrket ditt?

– Eg var ikkje så glad i det i starten, men no har eg så mykje øving at eg tykkjer det er morosamt. Det er å treffe dei menneska eg skriv for. Eg trur mange barne- og ungdomsbokforfattarar er flinkare til å lese opp enn vaksenbokforfattarar. Dei får meir trening i slikt, reiser mykje meir rundt. Og det er sjølvsagt ein måte å skape blest om bøkene sine på. Det er eit stort medvit om Svarte-Mathilda-bøkene, og det trur eg kjem av at Tor Arve Røssland har reist veldig mykje rundt. I tillegg til at dei er gode, sjølvsagt.

– Så dette er noko forfattarar MÅ gjere?

– Det er ein trend at forfattarar tener mindre på bøkene sine og meir på å reise rundt å møte publikum. Du kan ikkje lenger sitje og gøyme deg bak pc-skjermen, du må meir ut.

LES OGSÅ: Barnelitteraturprisen til Lars Mæhle 

Lars Mæhle, Norsk Tidend

Den kulturelle skulesekken
Utover 90-talet vaks det fram eit medvit om at også born og unge burde få eit tilbod om kultur av høg kvalitet. Det burde satsast meir. Løysinga vart Den kulturelle skulesekken, som vart etablert i 2001. Staten gjekk inn med pengar til kunstnarhonorar, medan fylkeskommunane tok kostnaden med administrasjonen. Pengane kjem frå tippemidlane. I 2002-2003 kom ei rad stortingsmeldingar som uttrykte vilje til å satse meir på denne ordninga, og løyvingane auka monaleg. I 2015 var denne potten på 210 millionar. Pengane skal delast på dei ulike kunstretningane, styrt av ulike nasjonale aktørar. For litteraturen vil det seie Norsk Forfattarsentrum.

For det litterære Noreg har dette vore ei fantastisk ordning. Å skrive bøker er relativt dårleg betalt, og no vart det mogleg for mange forfattarar å skaffe seg ei relevant biinntekt. I fjor formidla Norsk Forfattarsentrum meir enn 8200 enkeltoppdrag og 23 millionar kroner i løn til dei skrivande. Men det blir også stilt krav.

– Det er ikkje noko nytt at forfattarar reiser rundt og vitjar skular. Det har Norsk Forfattarsentrum arbeidd med heilt sidan oppstarten i 1968, fortel dagleg leiar Ingvild Christine Herzog.

– Men krava har endra seg. Tidlegare kunne ein forfattar kome å snakke om seg sjølv og lese frå boka, alt etter kva ho eller han kjende for å gjere den dagen. No vil skulane vite kva dei kan vente seg. Somme var skeptiske til denne utviklinga, og trudde dei måtte ha med seg rekvisittar og drive gjøgleri i staden for litteraturformidling. Men poenget er at desse vitjingane skal vere meir enn berre eit frisk pust i kvardagen. Dei skal også ha eit fagleg innhald.

– Og det taklar forfattarane?

– I høgste grad. Det er ikkje lenger slik at dei berre dukkar opp med boka under armen og byr på sjela si. Dei aller fleste nyttar mykje tid på førebuing, sjekkar om det er ei stor eller lita klasse dei skal inn i, og er generelt veldig godt førebudde.  Dette går jo båe vegar. Ved at forfattaren og skulen snakkar saman, så blir det heile eit betre opplegg.

– Men det kan vel kome litt brått på ein forfattar dette? Her sit ho og skriv på ei bok for seg sjølv, og brått må ho ut og prate med tretti sjetteklassingar.

– Sjølvsagt. Forfattarsentrum skipar til formidlingskurs og prøver å hjelpe dei som føler dei treng nokre råd. Men det er ikkje mykje pengar i barne- og ungdomslitteraturen, og heller ikkje så mange stipend å søkje på. Difor er dette ei lukrativ ekstrainntekt. Men forfattarane gjer ikkje dette berre på grunn av pengane, det er ikkje berre noko dei må. Det er nyttig å møte lesarane sine på denne måten, og reisene er i seg sjølv ei oppleving. Alle har opplevd å kome til låste dører, og at heile bygda er ein heilt annan stad. Eller det å leite etter ein nøkkel til eit hus du skal skulle låne, men nøkkelen er ikkje å finne nokon stad. Slike ting høyrer med, fortel Hertzog.

Lars Mæhle, Norsk Tidend

Mindre høgtid, framleis moro
Erna Osland har vitja skular jamt og trutt sidan 1987, og i ei tid då det var lenger mellom kvar gong ein forfattar stakk hovudet inn i klasserommet. 

– Det var nok meir høgtid ved forfattarvitjingane før skulesekkordninga, fortel Osland. 

– Før den var det ikkje så mange reisande kunstnarar, så det blei ekstra stas når ein forfattar dukka opp. Men det er stas enno, både for den som kjem og den som får vitjing. Elevane får jo vitjing av ein vaksen som driv med det same som dei dag ut og dag inn, nemleg lese og skrive. Både dei og forfattaren gjer det med full visse om at dei skal gjere det litt betre kvar dag. Dette er eit særeige fellesskap mellom elev og forfattar. Ein merkar det spesielt ved at barn vil vise det dei har skrive, dei vil ha forfattaren til å lese det og meine noko om det, seier Osland.

Ho har sjølv arbeidd som lærar, og det gjer desse vitjingane var ekstra interessante. 

– Det var fint for meg å sjå korleis dei hadde det med «sine» barn. Vanlegvis er jo klasserommet ei lukka verd for andre vaksne. Men eg var altså så heldig  å få kome inn i denne verda. For mange barn var dette ei kvalitetstid som vi andre ikkje visste om, her var samtalar om tema som er for vanskelege og får for lita tid elles, og her var ein tillit og eit samhald mellom elevane og lærarane deira som gjorde meg stum av beundring. Og reint lykkeleg for å ha fått vore med inn i. Eg kom jo der som ein framand!

– Merkar du at elevane er meir førebudde no enn tidlegare?

– I haust var eg i Etne og snakka om regn og vind og klima og boka Når det regnar i Afrika, og der hadde lærarane fått elevane til å skrive eigne bøker, dei hadde smykka ut skulen med kunstverk av ulike materiale og teknikkar, og dei hadde øvd inn ein ny rapp. Då er det jo ein fest å kome på vitjing! Og det såg ut som elevane hadde det fint også i det gode førebuingsarbeidet dei hadde gjort i tillegg til lesinga si saman med lærarar og medelevar! Ikkje tvil om at dei hadde lært noko om klima og vêr denne tida, fortel Osland.

Men ho ser også at kvardagen er travel for lærarane. Mange slit med å finne rom for dei heilt store førebuingane. 

– No må forfattarvitjinga passe inn i planane. Før hadde ein eit tydeleg overordna mål: å lære barn å bruke morsmålet. Då passa det alltid med ein forfattar. Og lesing var svært viktig i så måte. Det er ikkje heilt slik hos alle no, i alle fall opplever eg det ikkje slik. Lesing blir ikkje prioritert på same måte hjå alle.

– Er slike turar forstyrrande for skrivinga?

– Å snakke med lesarar er sjølvsagt aldri forstyrrande. Hugs på at den som skriv for barn, mest alltid har lesaren med seg i skrivinga, han spør seg sjølv: Kan dette bli forstått av min vesle, urøynde lesar? Korleis kan eg seie det slik at det lettare kjem fram til lesaren? Å møte den barnlege lesaren vil alltid vere interessant, sjølv om ein ikkje lar seg styre i tema og form av han, meiner Osland.   

Velsmurt opplegg
Tilbake på Nannestad ruslar Lars Mæhle mot bilen sin. Det er kaldt, og det har fryse på innsida av frontruta.

– Eg nyttar éin til to månader i året på å reise rundt. Mykje av dette blir organisert gjennom den kulturelle skulesekken. Det er organisert og velsmurt. Så om eg berre planlegg godt, så er ikkje dette noko problem.

Av og til får han direkte førespurnader, og ofte etter at han har snakka for folk i ein meir vaksen samanheng.

– Det at du får eit oppdrag ein stad, kan føre til at du får nye oppdrag ein annan stad. Då tek ofte skulen direkte kontakt. Dei har høyrt deg ein stad. Ein gong heldt eg eit føredrag for bibliotekarar, og då kom det kjapt ti-femten førespurnader etterpå. Så det ballar litt på seg, når ein kjem inn i den mølla. Eg er jo stundom eit nynorskalibi. 

– Korleis då?

– Nei, dei treng nokon som kan snakke positivt om nynorsk og så tenkjer dei "ja, han der Mæhle skriv jo på nynorsk, han kan me få hit til å snakke om nynorsk." Så det er ein del av det. Ikkje det beste utgangspunktet for ein samtale om litteratur, men eg tek slike oppdrag også, eg.

Lars Mæhle, Norsk Tidend

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.07

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE