Lillegraven med ny bok: – Krim det mest krevjande eg har skrive

For dei fleste er ho kjent som lyrikar, men no har Ruth Lillegraven kasta seg ut i mørke rom og slepper thrilleren «Alt er mitt».

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Krim er det mest krevjande eg har skrive

Den Brageprisvinnande forfattaren er mest kjent for diktsamlingane sine, og ein roman er det også blitt. Men djupt inne i det fabulerande hovudet til Ruth Lillegraven, bur det også ein mysterieglad krimforfattar.

Ruth Lillegraven – klar med thrilleren «Alt er mitt». Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix / NPK

– Draumen om å skrive krim har følgt meg lenge. Spenningslitteratur er noko eg les mykje av, seier forfattaren i møte med NTB.

Ho legg til at ein i krimmen har moglegheita til å bore djupt i «den vedunderlege og vanvitige psyken» til mennesket.

Lillegraven er aktuell med heile tre titlar denne hausten. Ved sida av thrilleren «Alt er mitt» slepper ho også barneboka «Skogen den grøne». Og teaterstykket «Cally» går framleis på Det Norske Teatret.

– Er det nokon fellesnemnarar i bøkene dine?

– Døden er ofte med, og naturen spelar alltid inn. Vidare er eg fascinert av korleis traume kastar mørke skuggar over nye generasjonar.

– Eg har høyrt ein forskar seie at grufulle hendingar kan påverke etterkommarar i heile fem nye generasjonar. Det er sterkt.

Les også: Ruth Lillegraven debuterer som krimforfattar

Heilt vanlege liv

Spenningsromanen «Alt er mitt» blir marknadsført av forlaget som ei bok i den trendy «grip lit»-sjangeren: Ein sjanger representert av titlar som «Flink jente» og «Piken på toget».

Den kanskje første «grip lit»-krimmen i landet, i slekt med «Piken på toget» og «Flink jente», kjem no frå Kagge forlag. Foto: Kagge

Lillegraven innrømmer at ho nok har skjegla litt i retning av internasjonale spenningsforfattarar som Gillian Flynn og Peter Swanson, men seier seg også inspirert av norske Karin Fossum.

I boka møter vi Clara og Haavard, eit vellykka ektepar som lever eit privilegert liv i ein arva villa på Oslos beste vest.

Han er barnelege, og ho, som opphavleg er frå ein liten stad på Vestlandet, svingar seg no i maktkorridorar med toppjobb i Justisdepartementet. Dei har tvillingar og heng i stroppen, som folk flest. Men familieidyllen er mildt sagt trua.

– Eg ville rett og slett sjå kva som skjer når ein utset dei for eit veldig press, og vidare kor mørkt eg klarte å gjere dette, seier Lillegraven.

Les også: Tore Renberg: – Gå heim og gje nynorsken ein sjanse

Inspirert av heimstaden Granvin

Under skrivinga har Lillegraven kunna ause av eigne erfaringar. Blant anna er ho som Clara både tvillingmamma og vestlending, og i åtte år jobba ho som taleskrivar for fire ulike statsrådar i Samferdselsdepartementet. I dag er ho forfattar på heiltid.

– Den vesle bygda i boka er fiktiv, men inspirert av Granvin i Hardanger, der eg kjem frå, seier Lillegraven.

Denne boka er noko av det mest krevjande eg har skrive

Ho synest det er rart at mange ser på krimlitteratur som litt andrerangs litteratur.

– Å halde eit høgt litterært nivå, skape truverdige karakterar og eit smart plott som skal gå opp til slutt: Alt dette stiller store krav til forfattaren. Denne boka er noko av det mest krevjande eg har skrive, slår ho fast.

Forferdeleg gøy

Lillegraven understrekar i neste sekund at det har vore forferdeleg gøy å skrive spenningslitteratur – ikkje minst på grunn av at boka både har element av politisk thriller – og ekteskapsdrama.

– Men få for Guds skuld med at det skjer drap her! For det er ein spenningsroman eg har skrive. Med tvistar og overraskingar, og mørke mord.

– Kva er det beste nokon kan seie om «Alt er mitt»?

– At dei ikkje klarte å legge frå seg boka, og at dei kanskje også gret ein skvett. Det er det beste nokon kan seie om bøkene mine – uansett sjanger, slår ho fast.

Forfattaren røper avslutningsvis at enkelte karakterar var så pass spennande å jobbe med at dei kan komme til å få leve vidare i ein oppfølgjar – eller to.