Ruth Lillegraven debuterer som krimforfattar
Lyrikaren og brageprisvinnaren er aktuell med thrilleren «Alt er mitt». Allereie før utgivinga er boka selt til både Tyskland og Polen.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I Tyskland har forlaget Ullstein Buchverlage kjøpt rettane, mens Wielka Litera og Storytel har sikra seg rettane i Polen.
– Eg er framleis fengsla av denne meisterlege forteljinga om hemn og av den sterke hovudpersonen i forteljinga, seier forlagsredaktør Janina Dyballa i Ullstein Buchverlage i ei pressemelding.
Ullstein har frå før skandinaviske krim-kanonar som Jo Nesbø og Camilla Läckberg i stallen.
Les kva Ruth Lillegraven har å seia om poesi og politikarar her!
Lillegraven: – Ei ære

Omslag: Kagge Forlag
– Dette er sjølvsagt gledeleg og stort for meg. Det er ei ære å få bøkene utgitt på desse forlaga i selskap med stjerneforfattarar som verkeleg kan seiast å ha gitt verda smaken på skandinavisk krimlitteratur, seier Ruth Lillegraven.
I Alt er mitt møter me Clara og Haavard, eit ektepar på beste vestkant i Oslo. Han er barnelege med familierøter i hovudstaden, ho ein ambisiøs vestlending med jobb i Justisdepartementet. Familiefreden blir kraftig utfordra etter at to drap kastar lange skuggar inn på arbeidsplassane til dei begge.
Ruth Lillegraven (fødd 1978)
- Er ein norsk forfattar frå Granvin i Hardanger, busett i Bærum
- Debuterte i 2005 med diktsamlinga Store stygge dikt på Gyldendal.
- Har skrive fleire biletbøker for barn, romanen Mellom oss og diktsamlingane Urd, Manilahallen og Sigd.
- I 2013 vann ho Brageprisen fordiktsamlinga Urd.
- Aktuell med krimromanen Alt er mitt på Kagge forlag.