Talet på MDMA-beslag auka i første halvår

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dagbladet siterer Kripos’ narkotika og dopingstatistikk for første halvår i 2018. Ifølgje rapporten er det beslaglagt rundt 19.000 tablettar og omtrent fem kilo MDMA-pulver og krystallinsk materiale.

Rapporten trekkjer fram at produkta har generelt høg reinleik, og at det er ein faktor som gir ein betydeleg større risiko for overdose. Det same gjeld for kokain, som ifølgje Kripos har ein gjennomsnittleg styrkegrad på 66 prosent. Det er den høgste sidan 2002.

Fleire av beslaga er gjort av tollvesenet, der stoffet er bestilt på det «mørke nettet».

Formidabel auke

– Vi er i ein kritisk fase no. Det er ein formidabel auke, seier senioringeniør Elisabeth Drange i Kripos’ seksjon for narkotikaanalyse til Dagbladet.

Ho trekkjer også fram at beslag av GHB har auka med 25 prosent i forhold til fjoråret. I 2017 var auken i beslag på heile 37 prosent samanlikna med året i førevegen.

Trass i auken i MDMA og GHB fall det totale talet på narkotikabeslag i fjor for fjerde år på rad. Det vart det registrert 25.230 saker, som er over 6.000 færre enn i toppåret 2014.