Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 12.11.2018 11:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

27. august er ein merkedag litt utanom det vanlege. Det er nemleg The Duchess who wasn’t-dagen. Har du ikkje høyrt om den? Det er kanskje ikkje så rart – det er ikkje ein offentleg flaggdag her til lands, akkurat.

Det er likevel grunn til å feire! Markeringa er til ære for den irske forfattaren Margaret Wolfe Hungerford, som skreiv under pseudonymet “The Duchess”. Høyrt om ho då?

“The Duchess” har nok gått i gløymeboka hjå mange i dag.

Byrja å skrive for å forsørge barna

Margaret fortener likevel eit par ord. Då den første ektemannen hennar døydde, sat ho att med tre døtrer å forsørge heilt på eiga hand. 23 år gamle Margaret tok då pennen fatt, og skreiv så blekket spruta.

Ho skreiv kjærleiksromanar som var svært populære i samtida. Til saman rakk ho å skrive 32 av dei før tyfoidfeber sette endeleg punktum.

Historia er full av kvinner (og menn!) som Margaret, som av ulike grunnar vel å ikkje ha sitt ekte namn ståande på bokryggen. Her er nokre:

Brönte-søstrene

Dei tre Brönte-søstrene skreiv alle under ulike pseudonym. Anne vart til Acton, Charlotte til Currer og Emily til Ellis. Alle med etternamn Bell.

Det er kanskje ikkje rart at forfattarsøstrene valde å skrive under mannlege namn, for tidleg på 1800-talet var ikkje alle like overtydde om at litteratur og skriving var noko for kvinner. Den engelske diktaren Robert Southey skreiv såpass i eit brev til Charlotte Brönte – at litteratur verken kan eller bør vere ein del av ei kvinne sitt virke.

Det motbeviste Brönte-søstrene i alle fall om og om igjen!

Les også: I dag fyller Emily Brönte 200 år

Joanne Rowling

Ein skulle vel både tru og håpe at tidene hadde endra seg på godt over 100 år, men også Joanne Rowling enda opp med å publisere Harry Potter-bøkene under eit meir kjønnsnøytralt namn enn det ho vart døypt.

Den britiske forfattaren fekk beskjed om å bruke initialar i staden for førenamnet sitt. Forlaget trudde bøkene kom til å slå godt an hjå yngre gutar, men at desse vegra seg meir for å lese ei bok skriven av ei kvinne. Kanskje skulle ein hatt litt meir tiltru til dei?

Men Joanne Rowling har eksperimentert med pseudonym heilt på eige initiativ også! Då ho gav ut boka Når gjøken galer i 2013 var det Robert Galbraith som stod på omslaget.

Elena Ferrante

Dei fire bøkene i Napoli-kvartetten har skapt nesten endelaus begeistring både hjå lesarar og kritikarar. Dei nynorske omsetjingane har dytta krimbøker frå salstoppen i Noreg. Likevel er det framleis eit mysterium kven den italienske forfattaren er. Er det ei kvinne? Er det ein mann? Ivrige journalistar rundt om i heile verda har freista å finne ut kven som skjuler seg bak namnet. Til no, utan hell!

Les også: Hemmeleg forfattar på salstoppen

John Le Carré

Det er ikkje berre kvinner som nyttar pseudonym. Historisk har særleg krimforfattarar publisert bøker under falske namn fordi sjangeren hadde låg status. I seinare tid har det også vore populært fordi det gjev litt ekstra mystikk og spenning til sjangeren.

Ein av verdas mest kjende krimforfattarar, John le Carre, heiter eigentleg David John Moore Cornwell. Han er ein tidlegare britisk etterretningsagent og hadde difor ikkje løyve til å skrive under sitt eige namn. Det er jo ganske mykje spenning i seg sjølv det – ein etterretningsagent som skriv om spionar under falskt namnt.

Les også: Skjult bak eit alias

Margaret Wolfe Hungerford

  • Fødd i 27. april 1855
  • Død 24. januar 1897
  • Mest kjende verk: Molly Bawn frå 1878
  • Skreiv den kjende frasen “beauty is in the eye of the beholder”