Synne Grimen Hammervoll
Publisert
Oppdatert 01.09.2018 08:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den 30. juli 1818 kom Emily Brontë til verda. Emily vaks opp som den nest yngste av opphavleg seks søsken. Søskenflokken bestod av fem jenter og ein gut. Av alle søskena var Charlotte den eldste, medan Anne var yngst.

Heimekjær jente

Emily er skildra som ei sjenert jente, og var veldig heimekjær. Ho gjekk ein kort periode på internatskule då ho var seks år gamal, men vart, saman med søstrene, teken ut av skulen etter eit halvt år, etter at hennar eldre søster Maria døydde av sjukdom.

Branwell Brontë måla dette måleriet av søstrene sine. Emily sit i midten, med Anne til venstre og Charlotte til høfre.

Like etter at dei kom heim, døydde ei anna søster, Elizabeth, ho òg av sjukdom. Etter dette vart Emily og søskena for det meste skulere heime av faren og ei tante.

Då Emily var 17, gjekk ho i ein kort periode på ein annan internatskule, der søstera Charlotte var lærar. Her heldt ho ut i nokre månader, før heimlengten tok overhand og ho flytta heim.

Hausten då ho var 20, vart Emily sjølv lærar og fekk jobb ved Law Hill School, men dei lange arbeidsdagane sleit på helsa. Emily flytta heim igjen på våren.

Etter dette budde ho heime hjå faren og stelte huset, fram til ho var 23. Då fulgte ho med Charlotte til Brüssel for å studere. Innan 1844 flytta begge heim att, etter tanta sin død. I heimbyen førsøkte søstrene å starte ein skule, men dei sleit med å få elevar og gav til slutt opp.

Les òg: Vil stanse Netflix si nysatsing: «Vil skape eteforstyrringar»

Skreiv under mannlig pseudonym

Som mange andre kvinnelege skribentar på den tida, valde Brontë-søstrene å utgi verka sine under pseudonym. Dei tre søstrene valde det same etternamnet og kvar sitt fornamn. Charlotte, Emily og Anne Brontë vart difor respektivt Currer, Ellis og Acton Bell.

Karrierane deira starta i 1846, då dei gav ut ein antologi med dikt frå alle tre. Men det var først etter at romanane deira vart utgidde, at dei kom til å oppleve suksess.

Dei tre søstrene gav ut sine debutromanar innan kort tid. Charlotte sin Jane Eyre kom i oktober 1847, medan Emily og Anne sine Stormfulle høgder og Agnes Grey kom i desember det same året.

Emily var den einaste av søstrene som berre gav ut éin roman. Stormfulle høgder vart sloppe i 1847, men det var først tre år seinare, etter hennar død, at romanen vart kreditert til Emily Brontë. Søstrene avslørte seg sjølv som personane bak Bell-namnet allereie i 1848.

Døydde ung

Den allereie tragedieråka familien fekk nye harde slag i 1848. Den einaste broren i søskenflokken, Branwell, døydde plutseleg i september. Emily vart sjuk under bisetjinga hans, og sjukdomen utvikla seg så til tuberkulose.

Over dei neste månedane vart Emily stadig sjukare, og den 19 desember 1848 døydde ho.

Etter hennar død, uttalte Martha Brown, ei kvinne som var hushjelp hjå Emily, at ho “døydde av eit knust hjarte, av kjærleik for broren”.

I dag er Stormfulle høgder sjølvskriven på lista over klassiske, engelske romanar.

Les òg: Fem bøker for unge feministar