Linda Watten
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nyutdanna skodespelar debuterer på Harastølen

Høgt oppi fjellsida i Luster kommune står Harastølen, gamle Luster Sanatorium til forfall. Det er her, i den gamle etesalen at Marte Paulsen (23) skal ha sin debut som skodespelar.

Jeff Pedersen Produksjonar har fått 500.000 kroner frå Kulturrådet til å sette opp stykket Det Gule tapetet i bygget som husar mange historier frå si tid som sanatorium, psykiatrisk sjukehus og asylmottak.

– Stykket fortel historia om ei kvinne som lir av fødselsdepresjon i ei tid då dette ikkje hadde eit namn. Mannen hennar tek ho med til eit herskapshus der ho blir halden isolert på eit rom med berre ei seng og eit gul tapet. Etter kvart tek ho til å sjå ei kvinne bak tapetet. Rommet blir hennar einaste heim, og ho blir besett av tanken på å løyse mysteriet om kva som skjuler seg bak tapetet, fortel Marte engasjert.

Kunstnarisk samspel

Stykket blir sett opp midt i eit rom med Marte på den eine sida som kvinna med fødselsdepresjon, og ein dansar på den andre sida som skal uttrykkje kjenslene til kvinna via dans.

– Den kjende, norske skodespelaren Kjersti Elvik og dansaren Sulekha Omar skal spele nokre førestillingar, medan eg og dansaren Berit Einemo Frøysland som også er frå Sogn, skal spele nokre.

Les teksten til Berit Einemo Frøysland her: Unge kritikarar

Krevjande

Jeff Pedersen er ein amerikansk skodespelar og regissør som no har busett seg i Noreg. Han legg ikkje skjul på at det er ei krevjande rolle å ha som debut.

– Det er spesielt krevjande fordi Marte er aleine i heile stykket. Ho har all tekst sjølv og må time det til musikk, og dansaren sine rørsler. Det er som å synga ein solosong i 45 minutt, så ho må vera veldig presis. Ikkje minst spelar ho ei sterk rolle av ei kvinne og hennar psykologiske reise. Berre dette krev mykje av ein skodespelar, seier han.

Likevel er han ikkje i tvil om at Paulsen kjem til å handtere rolla godt.

– Eg har kjent Marte i halvtanna år. Eg var læraren hennar i skodespelarteknikk, og hadde ikkje valt ho til rolla om eg ikkje trudde ho kunne meistre den. Ho forstår utfordringa ho har fått.

Eg har alltid hatt ei interesse for å sette meg inn i andre sin situasjon.

Utdanningsløpet

For Paulsen vakna interessa for skodespel ordentleg til live då ho skulle byrje på vidaregåande.

– Eg har alltid hatt ei interesse for å sette meg inn i andre sin situasjon. Syster mi gjekk dramalinja ved Firda vidaregåande skule, og det ville eg også prøve. Det gav meirsmak. Etter dette gjekk eg to år på Solbakken Folkehøgskule. Der fokuserte eg på dans, sang og teater. Fyrste året fann eg ut av stemma mi og meg sjølv. Eg blei oppmoda til å søka på Bårdar Akademiet, og det gjorde eg.

Stor moglegheit

Til våren blir ho uteksaminert etter tre år og kan endeleg kalla seg skodespelar. Då er blir det mykje øving, før ho til slutt kan gå på scena på Harastølen i august.

– Då Jeff ringte og spurde om eg ville dette sa eg sjølvsagt ja. Det verka som eit kjempekult prosjekt. Når det i tillegg skulle vera på Harastølen, ja, då måtte eg berre seie ja. Eg håpar mange kjem og ser på! Både på grunn av staden og historia, men også på grunn av stykket.

Marte Paulsen

Marte Paulsen spelar i stykket «Det Gule tapetet».

At ho skal stå på ei scene i ei bygd der nesten alle veit kven ho er skremmer ho ikkje.

– Det er jo litt skummelt, men mest spanande. Eg veit jo ikkje kva folk i Luster tenkjer om teater og det kunstnariske ved stykket, men eg håpar dei blir like oppslukt i teksten og teamet som det eg er.

– Sjølv om det blir mykje tekst gjennom stykket håpar eg dansaren og musikken kan vera med på å påverke alt. Når det i tillegg blir synt på ein stad som Harastølen som har så mykje historie i veggane, ja, då er det spesielt, seier ho.

Framover mot sumaren har Pedersen bedt Marte om å utfordre seg sjølv for å relatere til kjenslene rollefiguren hennar har.

– Han seier eg skal gjera små ting som gjer meg litt redd eller usikker. Dette fordi eg skal prøve å kjenne litt på dei kjenslene som kan oppstå ved å utsette meg sjølv for ubehagelege ting.

Med førestillinga ynskjer dei å formidla kva isolasjon, mangel på forståing, og utnytting av makt kan gjera med eit menneske.

LES OGSÅ: Slik blir du skodespelar

Det er ikkje noko anna eg heller vil, det er dette eg vil drive med.

Ikkje eit A4-liv

For Marte er denne rolla byrjinga på det ho håpar skal bli levebrødet hennar.

– Det er ikkje noko anna eg heller vil, det er dette eg vil drive med. Det gjev meg så mykje å formidla noko. Eg kan dra menneske inn i ei historie som skjer akkurat her og no, ta opp viktige ting, og endra deira syn. Det eg formidlar skjer her og no. Eg ynskjer ikkje noko liv bak ein skrivepult på eit kontor, eg vil ikkje ha eit A4-liv.

Etter ein travel haust på teaterfestivalar i Noreg, planlegg Jeff å ta med Marte på ein internasjonal turne. Han håpar blant anna å kunne sette opp stykket i Edinburgh.

– Det er ei stor ære. Ikkje berre får eg sjansen til å syne meg fram, men eg får også sjansen til å møte andre skodespelarar, byggje nettverk, og bli kjend med nye folk. Eg er utruleg takksam for at eg får jobbe med Jeff. Han har jo vore læraren min så eg kjenner meg trygg på han, og veit eg kan spørje han om alt eg lurer på.

– Eg er veldig positiv til det heile, og debuten min som skodespelar heime i Luster kjennest trygg, avsluttar Marte.

LES OGSÅ: På spøkelsesjakt på Harastølen