I år blir prisen delt ut for femtande gong, og det er fjerde gong Joachim Trier er nominert.
mm

I 2016 vann han med «Louder Than Bombs», som hittil einaste norske regissør.

Trier er nominert saman med manusforfattar Eskil Vogt og produsent Thomas Robsham. Vogt er nominert for femte gong.

– Det er ei stor anerkjenning og vi er utruleg glade for at juryen valde «Thelma» som kandidat til Nordisk råds filmpris, seier dei tre.

Les også: Skam-stjerner i kvar sin norske haustfilm

Brukar grep frå skrekkfilm og eventyr

Den norske juryen, som har bestått av Inger Merete Hobbelstad, Kalle Løchen og Britt Sørensen, grunngjev blant anna nominasjonen med at Trier brukar grep frå skrekkfilm og eventyr for å fortelje ein historie som er ei overbevisande skildring av spenninga mellom undertrykkig og undertrykt.

Dei andre nominerte filmane er: «Vinterbrødre» frå Danmark i regi av Hlynur Pálmason, «Euthanizer» frå Finland i regi av Teemu Nikki, «Woman at war» frå Island i regi av Benedikt Erlingsson og «Ravnene» frå Sverige i regi av Jens Assur.

Les også: Ærespris til Iram Haq

Høg kunstnerisk kvalitet

Nordisk råds filmpris er på 350.000 danske kroner og går til ein film som utmerkjer seg ved sin høge kunstneriske kvalitet og sterke forankring i den nordiske kulturen.

Den internasjonale juryen består i år av: Per Juul Carlsen (Danmark), Jaana Puskala (Finland), Emma Gray Munthe (Sverige), Silja Hauksdóttir (Island) og Inger Merete Hobbelstad (Noreg).

Mottakaren av filmprisen blir offentleggjort 30. oktober under Nordisk råds sesjon i Oslo.

Les også: Dei første bilda frå ny 22. juli-film publisert

LES OGSÅ

ANNONSE