Dei første bileta frå ny 22. juli-film publisert

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 25.08.2018 21:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ifølgje nettstaden Montages blir filmen, som er regissert av Paul Greengrass, vist for første gong i Venezia 5. september, mens den sannsynlegvis blir tilgjengeleg for alle Netflix-abonnentar 16. oktober.
Filmen skal også visast under filmfestivalen i Toronto, og det er den canadiske festivalen som har gjort dei tre bileta tilgjengeleg.
Filmen er basert på Åsne Seierstads bok En av oss. Den følgjer tre samanvovne historier – om overlevande som prøver å byggje opp att liva sine, om den politiske leiinga i Noreg som prøver å styre landet gjennom krisen og om advokatane til terroristen.
Anders Danielsen Lie spelar rolla som Anders Behring Breivik, mens Ola G. Furuseth har rolla som Jens Stoltenberg. Brørne Viljar og Torje Hanssen blir spelt av høvesvis Jonas Strand Gravli og Isak Bakli Aglen. Jon Øigarden spelar advokat Geir Lippestad.