Sterke reaksjonar på sjødeponi-planar i Sørfjorden og Veafjorden

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Å dumpa all denne steinen i fjorden burde ikkje ver eit alternativ ein gong. Dette vil øydeleggja livet på botnen i fleire hundre år, seier leiaren i Hordaland Natur og Ungdom, Vilja Helle Bøyum, til Bergens Tidende.

Kva ein skal gjera med dei enorme steinmassane etter utbygginga, er ei stor utfordring. Det dreier seg om overskotsmassar frå nesten 30 kilometer veg og 28 kilometer jernbane, der mesteparten skal gå gjennom tunnel. Ifylgje Bergens Tidende er prosjektet meir omfattande enn både Lærdalstunnelen og den undersjøiske tunnelen under Boknafjorden.

Stein til nytte

Helst vil Statens vegvesen at steinmassane skal bli brukte til samfunnsnyttige formål, men dersom ein ikkje lukkast med dette, kan massane bli dumpa i fjorden, fortel avisa.

– Viss ein skal deponera det i sjøen, er det minst skadeleg å gjera det mellom Vaksdal og Stanghelle i Sørfjorden. Det viser den førebelse konklusjonen, seier Olav Lofthus i Statens vegvesen til avisa.

Les også: Knapt nei til vern i Unge Høgre

– Lakseelev og unik fauna

Saka har i sommar vore ute på høyring. Natur og Ungdom er ikkje dei einaste som åtvarar mot å dumpa steinmassane i fjorden. Også Osterøy Industrilag er kritiske. Organisasjonen åtvarar sterkt mot massedeponi i fjordane i området og peikar på at faunaen i desse fjordane er unik.

Ordførar i Vaksdal, Eirik Haga (Ap) likar heller ikkje tanken på å at overskotsmassane skal hamna i fjorden. Han peikar på at heile Osterfjordbassenget er ei nasjonal lakseelev, og føreslår difor at ein heller bør bruka litt pengar på å køyra steinen vekk.

– Siste utveg

Bergens Tidende fortel at kommunen alt har laga ei utgreiing for dette, men at Statens vegvesen har fått tommelen ned frå samferdselsministeren for dette forslaget på grunn av auka transportkostnader.

Olav Lofthus i Statens vegvesen seier likevel at etaten arbeider vidare for å prøva å finna ein samfunnsnyttig måte å bruka dei store steinmassane på.

– Deponi i sjøen er siste utveg, seier han.

Les også: Krass kritikk til 36 nye oljeblokkar i Barentshavet