Satsar på Målrock 2019 – trass lågare publikumstal enn venta

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Satsar på Målrock 2019 – trass lågare publikumstal enn venta

Årdal: Trass i at det lenge var tvil om det i det heile ville bli ny festival i år, har årets utgåve av Målrock kome til ein ende, og festivalsjef Thomas Norheim Moen seier seg optimistisk til ein ny festival neste år.

For festivalen gjekk tilsynelatande knirkefritt, sett vekk ifrå éin ting:

– Alt gjekk veldig bra , men det kom litt færre folk på fredagen enn me hadde trudd. Så det står att å sjå korleis tala ser ut til slutt, men eg er optimistisk og trur det har gått bra, seier Moen.

– Budsjettet ser bra ut så langt me kan sjå no, men me vil vita meir når me har hatt tid til å evaluert det. Planen er å satse vidare på Målrock 2019. Så langt kostnadene går i balanse vil me satse vidare. Det er ikkje noko me vil gje oss på,  legg han til.

Les òg:  Åtvarar mot kjøp av festivalbillettar på svartebørsen

Praktisk talt utseld

Då Porten.no snakka med festivalsjefen førre veke, var han budd på at det ville bli utseld for festivalpass, ettersom førehandssalet aldri hadde vore så bra som i år.

Men, utseld vart det ikkje då det stod att omlag 10 festival pass, som jamvel var eit bra tal, ifølgje Moen. Det vart derimot seld meir dagspass enn venta.

– Fredag vart det ikkje seld så mange dagspass, men laurdag vart det seld 1250 pass i døra. Så det var i overkant av 3000 besøkjande på begge kveldane.

Les også: Ølglasa frå Øya vert kompost i Sogndal

Vil nå folk utanfrå

For første gong, opna festivalen for tilbod om skyssbåt som gjekk mellom Sogndal Årdalstangen.

Kring 200 gjestar nytta seg av tilbodet, og dette er noko festivalarrangørane satsa meir på fortel Moen.

– Me har etablert gode samarbeid med enkelte aktørar i Sogndal, så no blir kunsten å trekka fleire folk utanifrå til festivalen, og me prøver aktivt å finne ut korleis me skal gjera nettopp det.

– Båten frå Sogndal er ein ganske grei måte å gjere det på. For då har dei gode skyss-moglegheiter både til og frå. Det er noko me ønskjer å halde fram, og eskalere, seier Moen.

Moen fortel òg at dei vil utvikla festivalcampen til neste år, med blant anna tilbod for bubilar.

Les også: Norske festivalar ser mot Europa for å unngå søppelkaos

Merkbar aldersforskjell

Moen fortel at dei gjorde seg merka av ein ting. Nemleg at det var ein merkbar aldersforskjell på publikum frå fredag til laurdag.

LEVERTE: Store folkemengder flokka til festivalen då siste artist ut, Åge og Sambandet, gjekk på scena kring midnatt laurdag. Foto: Sunniva Knutsen

På fredag spelte blant anna Kamelen, Kjartan Lauritzen, Gåte, medan Eva Weel Skram, Dårlig Vane og Åge Aleksandersen og Sambandet spelte laurdag.

– Det var eit litt meir vakse publikum laurdag enn det var fredag, då det var for det meste var ungdomar på festivalen.  Det var nesten som to forskjellige festar på ein måte, ler Moen.

– Var det med vilje? 

– Me prøvar å blanda artistane så godt me kan, men utifrå dei artistane me hadde  i år så vart det litt avgrensa. Typisk sett så er det vanlegvis meir vaksne i publikum på laurdagen, seier han.