Gentrifisering er grunnleggande positivt


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Det er tilsynelatande ingenting som kan stoppa dei. Kvite kaffi latte-drikkarar duftande av økologisk skjeggolje gjer kort prosess av bydelar ein gong fylte av særpreg og identitet. Grønsakshandel? Nå heiter det Espresso House.

Høgare leigeprisar gjer at livslange bebuarar må finna seg andre stader å bu.

I alle fall om ein skal tru det ein høyrer.

Men som nyhendemagasinet Economist skriv i ein nyleg artikkel om fenomenet: «Dei påståtte ulempene med gentrifisering – som meir nøytralt definert er fattige, urbane strøk som blir rikare – manglar solid støtte.»

Les også: You’re in the hood now, girl

Frå forfall til renovering

Omgrepet gentrifisering stammar frå 60-talets London, då «the gentry» – finfolk – kom inn og kjøpte hus i billegare arbeidarstrøk. Prisane steig, og låginntektsfolk måtte flytta, medan øvre middelklasse flytta inn.

Foreinkla kan ein skildra prosessen slik: Bustadar og gamle fabrikkhallar står tomme. Inn flyttar kunstnarar og studentar som vil ha stort areal og låge prisar. Her er det rom for kreativitet og eksperimentering. Deretter oppstår kafear, små butikkar og galleri. Desse «pionérane» gjer området attraktivt for folk med høgare inntekt.

Eit ikkje-gentrifisert bygg i Prenzlauer Berg. Foto: Ezequiel Coelho/CC BY-NC-ND 2.0

Nokre av desse kjøper opp dei gamle bygga og bustadane, og renoverer dei. Stadig færre bygg står tomme, og leigeprisane stig. Investorar oppdagar området, renoverer fleire bygg og leigar ut bustadar til høgare prisar.

I Norge er det normalt Grünerløkka som blir trekt fram som døme på fenomenet. Frå mangfaldig bydel med høg innvandrardel til dyr, kvit bydel full av kjedekafear.

Alternativet er verre

I røynda er det fleire nyansar. Bydelane som blir gentrifisert er i utgangspunktet fattige, nedslitte og bebudd av éin enkelt minoritet. Kriminaliteten er ofte høg.

Ressurssterke tilflyttarar bidrar til å senka kriminaliteten og gjer den etniske samansetninga meir mangfaldig. Fasilitetar og infrastruktur i området blir betre.

Byar, og spesielt bysentrum, vil alltid vera i endring. Ein bør heller bekymra seg for mangel på utvikling. Som forskar Christian Diller ved Universitetet i Gießen slår fast: «Erfaring viser: Når ein bydel over tid ikkje er i endring, utviklar han seg negativt.»

I Tyskland blir det med jamne mellomrom demonstrert mot gentrifisering. Her frå 2013 i Køln. «Ikkje vær redd, det er berre gentrifisering» står det på plakaten. Foto: strassenstriche.net/CC BY-NC 2.0

Dessutan er den sosiale miksen ofte betre i gentrifiserte bydelar enn andre stader. Det ekte problemet er urbane randsonar, der økonomisk vanskelegstilte flyttar fordi dei ikkje har råd til å bu andre stader. Hit kjem det sjeldan ressurssterke tilflyttarar frå middelklassen, påpeikar Diller.

Gentrifiseringskritikarar meiner at nettopp denne gruppa består av folk som er skvisa ut av urbane bydelar. Men å bevisa det klarar dei ikkje.

Ikkje dokumentert at gentrifisering fører til flytting

Snarare tvert imot fann ei studie av Lance Freeman og Frank Braconi at fattige bebuarar i New York sine gentrifiserte nabolag i løpet av 90-åra i mindre grad flytta på seg enn fattige i ikkje-gentrifiserte område.

Ei nyleg studie frå Philadelphia kom også fram til at økonomisk vanskelegstilte i gentrifiserte område ikkje flytta på seg i større grad enn andre stader.

Det viktigaste argumentet mot gentrifisering – at det tvingar fattige til å flytta – har ein altså ikkje makta å dokumentera.

Ikkje kast stein, bitte

Forklaringa ligg til dels i at mange bygg og bustader står tomme grunna forfall og mangel på vedlikehald. Ved å rusta opp og renovera desse kan dermed mange flytta inn i området utan at det går ut over eksisterande bebuarar.

Dei som eig bustaden sin i gentrifiserte bydelar vil dessutan kunne tena stort på ei kraftig auke i bustadprisane. Nye butikkar i området gir nye arbeidsplassar, og kjem både nye og gamle bebuarar til gode.

Nye Orania Hotel i Berlin har fått steinar kasta gjennom praktisk talt alle vindauga på første etasje. I den alternative bydelen Kreuzberg er det nemleg blitt tradisjon å knusa rutene på alt som kan minna om gentrifisering.

Dei burde kasta blomar i staden.