Unik filmoppleving på Preikestolen i nattemørket

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Utekinoen på det vidgjetne fjellplatået starta klokka 23.00 onsdag kveld. Over 1.500 hadde kjøpt kinobillettar, mens 300–400 gjester var inviterte, ifølgje Stavanger Aftenblad.

NRKs reporter på staden sa før filmen byrja at alt låg til rette for ei unik kinooppleving.

– Det er ein flott sommarkveld med magisk stemning. Folk koser seg. Det er perfekte vêrforhold, ingen vind, fortalde Stine Rørvik.

Den norske skodespelaren Kristoffer Joner, som speler atomforskar i filmen, var ifølgje NRK éin av gjestene som var til stades. Hovudrolleinnehavar Tom Cruise, skodespelar Henry Cavill og regissør Christopher McQuarrie var ikkje der, men kom med ei helsing til publikum.

Her fortalde dei at dei hadde opplevd Preikestolen som ein spektakulær innspelingsstad, og at de skulle ønskje dei hadde høve til å vere der under førpremieren.

Spesiell utekino

Bak kinolerretet stupte fjellsida over 600 meter ned i Lysefjorden. Det var langs dette stupet Cruise svinga seg under innspelinga av filmen i fjor haust. Preikestolen er godt synleg i fire minutt i slutten av filmen, men handlinga er lagt til Kashmir i Asia.

NRK har tidlegare skrive at reiselivsbransjen skulle fly inn ei rekke internasjonale journalistar til den spektakulære filmframsyninga i håp om at dette skal skape ekstra merksemd om kor sluttscenen eigentleg er spelt inn.

– Vi har med det råaste kinoutstyret som er å oppdrive. Utekino gjer vi mykje av, men sjeldan så høgt til fjells og langt frå køyreveg, sa Tore Brede Michelsen og John Erik Armelius i Unique Cinema Systems.

Les òg: Preikestolen lagt til India i ny film

Filmvisning av Mission Impossible 6 på Preikestolen i Forsand kommune i Rogaland.
Foto: Carina Johansen / NTB Scanpix

Massevandring

Den spenningsmetta filmen varte i 2 timar og 25 minutt. Deretter var det klart for massevandring ned frå fjellet rundt klokka 2 natt til torsdag. Stien ned var lyst opp med 200 lysstavar, og folk vart i tillegg oppmoda til å ta med hovudlykt.

Klokka 4.45 opplyser Sørvest politidistrikt til NTB at dei ikkje har fått inn ei einaste melding om problem med nedturen.

Ifølgje Stavanger Aftenblad valde somme å overnatte på toppen av platået, for så å ta turen ned igjen torsdag morgon.

Les òg: Fem ting du bør strøyme i helga

Filma arrangementet

Ifølgje NRK var det leigd inn profesjonelle folk til å filme heile premierearrangementet, men det er førebels uvisst kva materialet skal brukast til.

«Mission: Impossible – Fallout» har elles fått strålande meldingar verda over og selde billettar for 61,5 millionar dollar under opningshelga i USA. Det er ny rekord for filmserien.

Les òg: No er det ulovleg å strøyme piratinnhald