No er det ulovleg å strøyme piratinnhald

Synne Grimen Hammervoll
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ei ny åndsverkslov tredde i kraft 1. juli i år. Lova blei føreslege av Kulturdepartementet for eit år sidan, og er ei oppdatering av den då gjeldande lova frå 1961. Det var ITavisen.no som først omtalte saka.

Lova gjer det tydeleg at strøyming av innhald som tydeleg er gjort tilgjengeleg på ulovleg vis, no er ulovleg. Tidligare har dette vore innafor ei gråsone, der nedlasting og deling av innhald tydeleg har vore forbode, medan det å berre strøyme innhald utan å dele det, ikkje har vore ulovleg.

Nettavisa tek.no melder at uskuldige nettsurfarar framleis kan surfe trygt, då lova gjeld dei som med viten oppsøkjer ulovleg innhald. «Hvis du for eksempel ser på en video på YouTube som har «ulovlig» bakgrunnsmusikk, skal ikke du stå ansvarlig for det, selv om du teknisk sett har konsumert ulovlig innhold», skriv dei.

Les også: Forbrukarrådet kritisk til pop up-varsel 

«Openbert i strid»

I den nye lova heiter det at:

«Det er ikkje tillatt å strøyme eller på annan måte bruke åndsverk som openbert i strid med denne lova er gjort tilgjengeleg for allmenta på Internett eller anna elektronisk kommunikasjonsnett når bruk frå den ulovlege kjelda er egna til å skade opphavar sine økonomiske interesser i vesentleg grad. Vederlag og erstatning etter § 81 kan berre ileggjast ved forsettleg brot på vedtaket i dette ledd».

Tidlegare har tenestar som Popcorn-Time vore klarifisert som ulovleg. Desse kan framstå som strøyme-tenester, men nyttar teknologi som gjer at dei som strøymer innhaldet òg delar det med andre.

Les også: – Dobbel prikkbelastning gav færre skadde og omkomne tenåringar i trafikken