Thea Hjelmeland slepper ny singel

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Låten inneheld absurde og nesten barnlege formuleringar, med skråblikk på forholdet mennesket har til naturen, ifølgje ei pressemelding.

– Med denne teksten ønskte eg å skrive om handling og konsekvens. Utan verken å verke dømmande eller spreie dommedagsprofetiar. Eg ville sjå om det var mogleg å nytte andre verkemiddel i musikk og tekst og likevel nå inn til kjenslene og refleksjonane om korleis vi behandlar naturen. Eg valde eit meir abstrakt og absurd tekstlandskap for å knytte det til barnet sitt perspektiv, forklarar artisten.

Les òg: Thea Hjelmeland lagar hevnmusikk

Thea Hjelmeland. Foto: Victoria Stevens

– Vestnorsk sarkasme

28. september slepper Thea Hjelmeland det tredje albumet sitt «KULLA».

– Det ligg ei stor dose vestnorsk sarkasme i botn gjennom heile den komande plata, seier Hjelmeland.

Utover hausten vil Hjelmeland òg ha konsertar i Bergen, Oslo, Førde, Trondheim og Stavanger.

Les òg: Ein låt eg likar: Det må vere lov å vere negativ