Ein biltur mot sentralmakta

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

To menn reiser frå Bergen mot Lærdal. Målet er å bringe ein 200 år gammal hovudskalle tilbake til heimplassen til tidlegare innehavar.

«Vestlandet er ikke et sted, det er en tilstand, et vesen.»

Desse orda høyrer til Erlend, ein av hovudpersonane i romanen Vestlandet som kom ut på Aschehoug i haust. Boka er skriven av forfattar Erlend O. Nødtvedt og skildrar ein noko uvanleg biltur gjennom vêrhard vestlandsnatur.

– Romanen kom av seg sjølv og er basert på tallause køyreturar langs smale og svingete vegar på Vestlandet over fleire år, seier forfattar Nødtvedt til Nynorsk pressekontor.

Ein hovudskalle skal heim

Målet til dei to hovudkarakterane, Erlend og Yngve, er å ta med seg hovudskallen til Anders Lysne, bondeopprøraren og vegbyggjaren frå Lærdal som blei halshogd i Bergen i 1803, tilbake til heimplassen.

Anders Lysne leidde på starten av 1800-talet eit bondeopprør i Lærdal mot militærteneste. Grunnen til opprøret var at bøndene tidlegare hadde fått fritak frå tenesta fordi dei bygde Kongevegen over Filefjell, men at dei no likevel blei kalla inn på nytt. Lysne blei straffa med halshogging fordi han var leiaren av opprøret.

Omslaget til boka Vestlandet av Erlend O. Nødtvedt. Bilete er henta frå måleriet «Fra Stalheim» (1842) av I.C. Dahl. Det er rekna som eit hovudverk i norsk nasjonalromantisk målarkunst. Foto: Aschehoug

Boka Vestlandet startar med at dei to hovudkarakterane reiser frå Bergen i ein Toyota Camry med hovudskallen til Lysne i bagasjerommet og lyden av steinras dundrande utanfor bilvindauga, for å ta hovudskallen med heim.

– Eg blei svært fascinert av historia til Anders Lysne etter å ha høyrt eit foredrag om avrettingar i Bergen. Det er ei svært dramatisk og tilsynelatande heilt ukjent historie om motstand mot sentralmakta. Anders Lysne som figur viste seg også å vere eigna som symbol og leiefigur i romanen, fortel forfattar Nødtvedt.

Hovudskallen til Lysne blir gjennom heile boka ein styringsmekanisme for dei to hovudkarakterane. Vala dei tek undervegs knyter seg tett opp mot lagnaden til Lysne og målet med å bringe hovudskallen heim til Lærdal. Til liks med Lysne kjempar dei to karakterane ein kamp mot sentralmakta.

Eit vestlandsguide i romanform

Reiseruta går frå Bergen til den nordlege fylkesgrensa, gjennom store delar av Sogn og Fjordane, ein svipptur austover og tilbake til Vestlandet og Hordaland. Undervegs opplever dei to hovudkarakterane fleire møte med karakterar med dei mest utrulege historier. Mellom anna møter dei ein som kan fortelje at det kvart år blir skotne mange bjørnar i det skjulte i Sogn og Fjordane.

– Boka verkar delvis biografisk, men òg absurd på eit vis. Kor mykje av det som skjer i boka har skjedd?

Praktisk talt alt har skjedd, men enkelte av episodane er noko tona ned, svarar Nødtvedt.

(artikkelen held fram under bildet!)

Erlend O. Nødtvedt har skrive romanen Vestlandet som tek oss med på ein biltur gjennom tunnelar, over fjordar og rundt på svingete vestlandsvegar. Her les han frå ei av sine andre bøker «Bergens beskrivelse» under ein presentasjon på Aschehoug forlag. Foto: Kyrre Lien / scanpix/ NPK

Erlend O. Nødtvedt har skrive romanen Vestlandet som tek oss med på ein biltur gjennom tunnelar, over fjordar og rundt på svingete vestlandsvegar. Her les han frå ei av sine andre bøker «Bergens beskrivelse» under ein presentasjon på Aschehoug forlag. Foto: Kyrre Lien / scanpix/ NPK

I tillegg til å vere roman er Vestlandet òg ei bok om lokalgeografi. Reiseruta til dei to hovudpersonane blir skildra grundig. Til dømes er kapitteltitlane i boka namnet på dei stadane dei er innom i det bestemte kapittelet. I tillegg skildrar forfattar Nødtvedt kvar enkelt bygd slik at ein verkeleg får inntrykket av å vere med på reisa. Boka byr òg på spektakulære naturskildringar, vått vestlandsvêr og smale krokete vestlandsvegar.

– Gjennomførte de reiseruta i verkelegheita?

– Fleire gonger, også i Google Street View.

Austlandet mot Vestlandet

I boka blir også forholdet mellom Austlandet og Vestlandet debattert og til ei viss grad parodiert. Gjennom heile romanen er det tydeleg at det eksisterer klare usemjer mellom Vestlandet og Austlandet. Karakteren Austmannen har mål om å øydeleggje alt som verkar å vere klassisk vestlandsk. Til dømes vil han rette ut svingete vegar, kvitte seg med ferjesamband, byggje kjøpesenter og drive sentralisering. På motsett side har vi Vestlandsk frigjeringsfront, som kort sagt ønskjer å gjere Vestlandet til ein eigen nasjon.

– Austmannen verkar å vere skurken i romanen. Er Austlandet dårlegare enn Vestlandet?

– På alle måtar, svarer Nødtvedt.

Eitt av ønskja til Austmannen og dei andre embetsmennene i boka er å drive sentralisering. Også politikarane bak den kommune- og fylkesreforma i den verkelege verda har frå fleire hald fått kritikk for å drive med sentralisering. Vestlandet har blitt eitt brennheitt tema i reformdebatten.

– I desse dagar herjar debatten om namn på det nye fylket samansett av Hordaland og Sogn og Fjordane. Kva tenkjer du om at dei vil ta namnet Vestlandet?

– Eg må innrømme at eg blir litt stolt over at dei vil kalle opp fylket etter ein skarve røvarroman, skjemtar Nødtvedt.

– Men samtidig er det openbart ikkje rett. Heile prosessen må bli stoppa med det same, legg han til.

I arbeidet med boka har Nødtvedt sementert og forsterka si eiga oppfatting av Vestlandet. Han er klar på kvifor landsdelen fortener ein eigen roman.

– Fordi det er ein så vakker og grufull plass, avsluttar vestlandspatrioten og forfattaren.

(©NPK)

Fakta

• Erlend O. Nødtvedt debuterte med diktsamlinga Harudes i 2008.  Boka fekk stor merksemd, og gav gan Ung Poesi-prisen.

• Diktsamlinga Bergens skildring fekk strålande kritikkar og vart kåra til ein av årets beste bøker 2011 i Klassekampen.

• Nødtvedt er blant dei ti fremste unge norske forfattarane kåra av Morgonbladet og Norsk Litteraturfestival.

• Hausten 2017 kom den første romanen hans Vestlandet.