Aasen-bibliografi med nytt om Ivar Aasen

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den boka av Ivar Aasen som flest aviser nokon gong omtalte, var «Norsk Navnebog», utkomen i 1878. Her var det med opplysningar om personnamn, og kva dei tyder.

Forfattaren med boka han har skrive i handa. Foto: Sunniva Lund Osdal

Det skriv Nynorsk kultursentrum i ei pressemelding i høve bibliografien som kjem ut om Ivar Aasen den 5. august, fødselsdagen til den store lingvisten.

«Norsk Navnebog» var også den siste førsteutgåva han gav ut. Det går fram av «Aasen-bibliografien».

– Aasen-bibliografien er nok ein av dei største bibliografiane som er laga her til lands,
seier Grepstad.

Arbeidet tok til då han skreiv den kritikarroste biografien «Historia om Ivar
Aasen» i 2013. Delar har vore publisert før, men no er alt samla, oppdatert og utvida.

Boka er på 560 sider, med fire lange essay og over 6800 innførslar over tekstar av og om Ivar Aasen, frå 1825 og fram til i dag.

Bibliografien dokumenterer også nært 2000 tekstar om Aasen. Den første av dei
stod på trykk i ei bergensavis sommaren 1841.

Les også: Nestleiar i mållaget: Ivar Aasen er vår Che Guevara

Innanrikskorrespondent for Dølen

Det er kjent frå før at Ivar Aasen hjelpte Vinje med å gje ut bladet Dølen mellom 1858 og 1870. Kor mykje han gjorde, har derimot vore uvisst.

No har Ottar Grepstad leita fram alt som det er sikkert at Aasen skreiv. Den lista viser at Aasen truleg var innanrikskorrespondent for Dølen.

– Ikkje regelmessig, men av og til, seier Grepstad.

Meir på nynorsk frå Vinje enn frå Aasen

Aasen-bibliografien er ein parallell til den Vinje-bibliografien som Grepstad gav ut for eit år
sidan. Medan Vinje nesten trykte alt han skreiv, ligg det framleis mange upubliserte tekstar etter Aasen. Tekstane som han faktisk publiserte, vart skrivne frå han var 19 år til han var 82 år gamal.

Med god hjelp frå Nasjonalbiblioteket og andre er alle manuskripta dokumenterte i denne boka, fortel Grepstad.

– Aasen dikta på landsmål frå 1851, men skreiv nesten all sakprosa på dansk
gjennom seksti år. Vinje skreiv derimot knapt noko på dansk etter 1858. Han skreiv mykje
meir nynorsk enn Aasen, og tekstane hans nådde fleire lesarar, oppsummerer Ottar
Grepstad.

Aasen ynskte å vere anonym forfattar

Særleg som diktar ville Aasen gjerne vere anonym, og visesamlinga Symra kom difor ut sommaren 1863 utan noko forfattarnamn.

– Det heldt i eit par veker, fortel Grepstad.

– Men so skreiv Stavanger Amtstidende at boka truleg var skriven av Ivar Aasen.