Bokmelding: Utforskar terror – gir få klåre svar

Isak Slettebø
Publisert
Oppdatert 01.08.2018 17:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

ÜberTerror er den trettande antologien frå ÜberPRESS, teikneserieforlaget som sidan 2012 har gitt ut to antologiar i året. Målforma har dei veksla på, men med ÜberTerror fann forlaget det for godt å reindyrka nynorsken. Dei tidlegare utgjevingane har hatt tema som krig, eventyr, okkult og superheltar.

Ein antologi er ei samling tekstar, ofte av fleire forfattarar. I ÜberTerror har utgjevar Are Edvardsen henta inn sju historier frå andre teikneserieskaparar. Den åttande har han laga sjølv, og her trekkjer han inn trådar frå dei andre sju.

Innbilt terror?

Historiene vekslar i tematikk mellom reine terrorsoger og meir underfundige forteljingar der me må tolka litt meir. Den mest interessante er Victoria H. Hamres «Trygg forvaring» som utforskar opplevinga av fridom på ein institusjon.

Ho opnar med at ei merkeleg forsamling pasientar sit rundt eit bord – merkeleg sidan ho eine er eit spøkelse, han andre har klyper til hender og ein tredje, Karsten, minner om Hufsa frå Mummitrollet eller ein slags nifs Gygrid frå Harry Potter.

Victoria Hamre har dikta opp eit rikt og merkeleg persongalleri i «Trygg forvaring». Illustrasjon: Victoria H. Hamre/ÜberPRESS

Alle er bundne med garn til den kvitkledde hovudpersonen, leiaren blant pasientane (zoom inn og sjå biletet til venstre). Men Karsten dultar borti hovudpersonen med vilje, og snart går dei til åtak på henne og klippar over alle trådane. Dei har lausrive seg frå slaveriet. Medan leiaren ligg tulla inn i ull, jublar sigerherrane over at dei er frie. Endinga byr på ei brå vending, iallfall om ein tolkar frimodig, som eg ikkje vil røpa i denne meldinga.

«Trygg forvaring» minnar om filmen Gaukeredet frå 1975, der ei gruppe pasientar på eit galnehus òg kjenner seg terrorisert, då av sjukepleiaren Nurse Ratched. Skilnaden er at Nurse Ratched er ei skikkeleg heks, medan terroren i forteljinga til Hamre kan henda berre er innbilt.

Les også: Publiserer teikneseriar på nynorsk

Fordelar og ulemper med antologiformatet

Ulempa med så mange forfattarar i ei samling på 88 sider, kvar med sitt persongalleri, er at historiene blir for stutte for den store litterære opplevinga. Me kjem ikkje djupt nok i forteljinga til at me bryr oss særleg om personane. Ynskjer du ei lengre forteljing som òg er på nynorsk, tilrår eg den ultravaldelege Soga om Olav Sleggja av Øystein Runde, som går over 150 sider.

Valdsromantiseringa i «Resistansen» av C. Vinter er truverdig. Illustrasjon: C. Vinter/ÜberPRESS

Samstundes er det kjekt med så mange forskjellige strekar – nokre ganske blankpolerte, andre litt grovare. Det er strålande teikna. Dei forskjellige stilane har kvar sine kvalitetar, og i «Kontrakten» av Trine Lise Normann er det mange fine andletsuttrykk: dei tomme blikka til elevane, grimasane til læraren som knekk saman under terroren, og det sløge smilet til rektoren, alle tilknytte den velrenommerte Sisyfos skule.

Historiene i ÜberTerror er stort sett universale. Ingen av dei foregår i Syria eller Nord-Irland, og det er heller ingen eksplisitte referansar til særskilde konfliktar. Eg hadde tolt noko om den norske motstandsrørsla under den andre verdskrigen – slikt blir aldri keisamt, men elles er nok dette eit klokt og medvite val av forlaget for ikkje å bli for insisterande eller dømande.

Les også: Årets beste teikneserie er på nynorsk