Anja Dahle Øverbye (34) debuterte våren 2015 med «Hundedagar». Under Oslo Comics Expo vart teikneserieromanen kåra til «Årets teikneserie», framfor langt meir erfarne teiknarar.

– Det var veldig gøy, spesielt sidan eg har drive på i såpass kort tid. Eg starta med teikneseriar for 3-4 år sidan, og dette beviser at eg har funne noko som fungerer for meg. Då er det motiverande å halda fram, seier Dahle Øverbye.

– Var det forventa å vinna?

– Nei. Eg var sikker på at eg visste kven som kom til å vinna, og det var ikkje meg. Eg vart litt perpleks, så eg trur eg heldt ein litt rar takketale. Den finst på film, og eg har bevisst latt vera å sjå den.

– Det er kanskje vanskeleg å skryta av sitt eige arbeid, men kvifor trur du at du vann?

– Det er kanskje noko med stemninga i boka som eg veit treff mange i mellomgolvet. Mange ulike folk kjenner seg igjen. Det er ikkje slik at eg har laga ei bok berre for jenter på 12 år. Dette er ei universell historie, som eg veit at også folk på 90 likar, fordi dei hugsar at det var slik det var.

Sjølvbiografi om lukka oppvekst
«Hundedagar» er ein sjølvbiografisk teikneserieroman om oppveksten til Anja Dahle Øverbye. Den fann stad på Åfarnes, i Rauma kommune i Møre og Romsdal.

– Oppveksten der var veldig lukka, sidan det var så langt til alle andre stader. Det var ein stor fridom i at me kunne gå der me ville innanfor rammene i bygda. På åttitalet var jo ingenting farleg heller, så alt var greitt så lenge du kom heim på kvelden.

– Er det noko spesielt du kan trekka fram frå «Hundedagar»?

– Mykje handlar om intriger mellom barna. Hamnar du utanfor, har du ingen andre å vera med. I byen kan du alltids vera med nokon frå balletten, eller noko i den dur. Her var det ingen andre. Me var veldig opptekne av sosiale forhold – kven som er innafor og kven som er utanfor.

– Var du innanfor eller utanfor?

– I boka verkar det som om eg berre var utanfor, men slik var det jo ikkje. Eg har konstruert ei historie frå mange hendingar over fleire år, som er samla på ein sommar i boka for å gjera det meir lesarvennleg. Eg var heilt midt på treet. Eg hadde mi faste besteveninne, så varierte det kven som var inne og ute. Folk trur vel eg var eit mobbeoffer på grunn av den boka.

Er det du som har kreft?
Sjølv om «Hundedagar» er debutromanen, betyr ikkje det at Anja Dahle Øverbye ikkje har gitt ut noko tidlegare. Ho har fått publisert fleire striper i ulike antologiar, mellom anna den mykje omtala «Mensen».

Ho har også gitt ut ei historie om då ho fekk kreft.

– Det er to år sidan no. Eg har alltid laga dagbokteikningar, det heldt eg også fram med då eg fekk kreft. Eg snakka med redaktøren min, som foreslo å samla kreft-biten i eitt hefte. Det var meir enn nok å ta av, men det var aldri planen å laga eit hefte om kreften.

– Mange bruker jo kunsten som terapi.

– Det gjeld for meg også. Men eg laga teikningane for min eigen del, eg hadde ingen planar om å gi dei ut. Det var nok like greitt. Då eg fekk kreft var det mange som ville få meg til å tenka positivt – «no har du jo noko å laga teikneserie om», sa dei.

Krefttypen Dahle Øverbye fekk var heldigvis av typen du kan operera vekk, så ho gjekk ikkje gjennom eit langt sjukdomsløp og cellegift. Det største problemet var angsten rundt, både under og etter sjukdommen.

Tilbake til Bergen
Det neste prosjektet til Dahle Øverbye blir også sjølvbiografisk. Arbeidstittelen er «Bergen», og tek føre seg studietida i byen med samen namn.

– Den vil nok ha ein meir vaksen strek, og blir mørkare både i uttrykk og tematikk. Eg tek opp litt andre tema, som mental helse. Eg må også vera litt meir forsiktig med personvern. I «Hundedagar» handlar det om barn, og alle barn er jo litt kjipe mot kvarandre. Derfor blir ikkje folk støtt på same måten. I «Bergen»-boka er eg meir bevisst på at folk ikkje skal kunne gjenkjennast med ein gong. Der vil det også bli snakk om meir alvorlege ting.

«Bergen» skal etter planen komma ut før jul neste år.

Men kva med nynorsken?
«Hundedagar» er skriven på nynorsk, og for Anja Dahle Øverbye er det sjølvsagt. I omtalane av «Hundedagar» har ho merka seg ein positiv ting.

– Det som er så innmari fint er at ingen har poengtert at eg skriv nynorsk. Det betyr at det ikkje er ei stor greie, og det er kjempebra. Eg bruker nynorsk fordi det er det eg bruker. Samstundes tykkjer eg det er viktig at det blir brukt, og at språket kjem ut. Ofte bruker eg kanskje tyngre ord enn eg treng, men det er gøy å leika med språket – at ein kan bruka litt eldre ord og vendingar, berre fordi dei finst.

Du kan lesa om andre lovande teikneserieskaparar hos Framtida.no:

Møt Tegnehanne: Tragikomikk er lett når ein har det kjipt

Jenny Jordahl vil ha meir aksept for naturleg kvinnekropp: – Mensen var noko ein ikkje snakka om

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.10

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE