Geitebonde risikerer tvangsavvikling

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bonden har fått pålegg frå Mattilsynet om å avvikle geitehaldet dersom han ikkje lagar ein skriftleg tiltaksplan for utbetring, skriv Nationen. Det var Avisen Agder som først skreiv om saka.

Mattilsynet førte tilsyn hjå geitebonden 12. og 13. juli etter å ha fått inn bekymringsmeldingar. Meldingane fortalde om dyr som stod i solsteiken i luftegarden heile dagen utan fôr eller vatn.

Les også: Kattar vert forlatne i ferien

Fann leivningar etter daudt kje som var forsøkt nedgrave

Mattilsynet besøkte garden og fann magre geiter og restar av eit dødt kje som var delvis grave ned. Luftegarden blei vurdert som uframkommeleg.

Bonden fekk pålegg om rådgjeving, men valde i staden å kontakte ein annan geitebonde. Mattilsynet viser til at bonden fleire gonger har fått pålegg om å sørgje for blant anna betre tilgang til fôr og vatn for dyra.