Kattar blir forlatne i ferien

Synne Grimen Hammervoll
Publisert
Oppdatert 26.07.2018 12:07

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er vanskeleg å seie kor mange kattar som blir forlatne. Kattar er flinke til å skjule seg, og samstundes kan det vere vanskeleg å vite om katten du ser ute er heimlaus eller ikkje.

Det seier kommunikasjonsrådgjevar Annette Bjørndalen Søreide i Dyrebeskyttelsen Norge.

Ho fortel at dei ser at spesielt kattar blir dumpa av eigarane sine i ferietida. Dyrebeskyttelsen Norge hjelper over 7500 dyr i året, og over 90 prosent av desse er kattar. 

– I samband med ferie er det mange som finn ut at dei ikkje kan ta vare på katten sin lenger. Det viser kanskje at dei har andre prioriteringar, fortel ho.

Les òg: Quiz: Kva kan du om katten?

Utandørskattar må kastrerast

Samstundes er Søreide klar på at mange eigarar har legitime grunnar til å ikkje ta vare på katten sin lenger.

– Det kan vere at dei oppdagar allergiar eller har ei endring i livssituasjon, seier ho.

Søreide fortel at Dyrebeskyttelsen Norge jobbar for løysingar som kan hindre at kattar blir forlatne, og trekkjer fram at dei vil at alle skal ID-merke dyra sine. Men ho understrekar òg at det er viktig å kastrere dei.

– Det forhindrar både spreiing av sjukdommar, og uønskte kattungar, seier ho.

Ho er tydeleg på at kattar som skal gå utandørs må kastrerast. Og sjølv om det kostar litt, er det ei eingongsutgift.

– Når ein skaffar seg dyr må ein planlegge for utgifter i samband med kastrering, dyrlege og liknande.

Les òg: – Kattar har for låg status

Treng hjelp frå privatpersonar

Søreide legg òg til at for å kunne hjelpe alle kattane som blir forlatne, treng Dyrebeskyttelsen Norge hjelp frå privatpersonar som kan stille som fosterheim.

– Dyrebeskyttelsen Norge får inn mange kattar og har ikkje kapasitet til å ta vare på alle. Me treng fleire som er villige til å ta inn kattar midlertidig til me finn nye permanente heimar til kattane.

Les òg: Angelica har fostra 26 kattar: – Givande å hjelpe eit levande vesen